#TryggSommer

Ordførar Osmund Våga støttar kampanjen. - Klikk for stort bileteOrdførar Osmund Våga støttar kampanjen. Gro Sørensen For femte året på rad er Trafikksikkerhetsforeningen ute i sommartrafikken, for å møta barn, ungdommar og vaksne trafikantar på alle mindre og større tettstader og byar for å informera og dela ut giveaways.

Trykk for meir informasjon

Konkurransar

Dei arrangerer pressetreff, informerer og arrangerer Selfie-konkurransar, #TryggSommer.

Les meir om konkurransen

Alle barnehagane i landet er også blitt engasjerte i ein teiknekonkurranse, der premiane er pengebeløp og refleksvest-sett.

Det nyttar

Dei seks siste åra (2015-2020) har i gjennomsnitt 37 personar blitt drepne, og dei fem siste åra (2015-2019) har 212 blitt hardt skadde i sommartrafikken kvart år. Då Trafikksikkerhetsforeningen starta opp med sommarkampanjane i 2017 var tala 52 drepte og 235 hardt skadde. 

Me ser at det nyttar og tala går ned. Men desse tala er framleis skremmande høge, og me må reagera på vegdøden, seier dagleg leiar i Trafikksikkerhetsforeningen, Geirr Tangstad-Holdal.

Ha ein riktig god og trafikksikker sommar!