Tur med meining!

Ta ein tur med meining i helga. - Klikk for stort bileteTa ein tur med meining i helga. fuke.no/Jardar Havikbotn I helga blir heile landet oppfordra til å ta ein tur ut og gjera ein innsats som ikkje krev mykje, men som betyr mykje for naturen.

«Tur med mening» er eit samarbeid mellom Friluftslivets veke og Strandryddeveka. 

Alt du treng er noko å samla søppel i. Avfallet tar du med heim og kastar i din eigen søppeldunk. Viss du manglar sekkar, har kulturkontoret små utgåver som eignar seg å ha med på tur. Ta i tilfelle kontakt – tlf. 98 22 15 08.

Strandryddeveka

Ordførar Osmund Våga er som tidlegare år med på Strandryddeveka. Heller ikkje i år blir det ein eigen strandryddedag, men me oppfordrar folk til å rydda når det passar fram til 20 sept.

Det blir plassert ut conteinerar (med sekkar og hanskar) i dag, fredag 10. sept. på Tåganes, i Føresvik og Alvestadkroken og på Hognaland. Desse skal berre brukast til marint avfall.