TV-aksjonen 2021

21 vaksne og 16 barn var bøsseberarar ved årets aksjon. Bildet viser stort engasjement i Havnavegen. - Klikk for stort bilete21 vaksne og 16 barn var bøsseberarar ved årets aksjon. Bildet viser stort engasjement i Havnavegen. Ingrid Våge Du kan enno støtta aksjonen. Spleisen Hopp i havet for ein god sak!! er open fram til 1. desember.

Bokn skule sin spleis går inn i den rekordstore rekka over gåver som kom inn ved årets TV-aksjon 24. oktober. Bokn sitt totale beløp er oppe i 196 754 kr. 66 000 av desse kom inn i bøssene, kor vel 9 000 kr blei vippsa. Totalbeløpet tilsvarar nesten 230 kr pr. innbyggar, det er 4. best i landet.

Stort engasjement

Årets aksjon "Barn, ikke brud" engasjerte veldig, og sette nasjonal rekord i TV-aksjonhistoria med over 243 millionar kr. Aksjonen i Bokn blei som vanleg godt dokumentert på kommunen si facebookside. Det er berre å scrolla ned til 24. oktober for eit tilbakeblikk.

Ordførar Osmund Våga rettar ein stor takk til alle som bidrog ved årets aksjon.

Her er gåveoversikten:

GÅVER 2021

BELØP

Ana Maria Cleaning

1000

Auksjon Høvelbenk

700

Austre Bokn Bygdalag

1000

Bokn Arbeidarparti

1000

Bokn Arena Event

1000

Bokn Eiendomsutvikling

7000

Bokn Fisk og Fangst AS

500

Bokn fiskarlag

500

Bokn Gatebilklubb

1000

Bokn historielag

1000

Bokn Høyre

500

Bokn idrettslag

2000

Bokn KFUK-KFUM

1000

Bokn kommune

17180

Bokn Kristeleg Folkeparti

400

Bokn musikkorps

5000

Bokn ride- og kjøreklubb

1000

Bokn Røde Kors

3000

Bokn sanitetsforening

5000

Bokn Senterparti

1000

Bokn skule - basar

26200

Bokn skule - valfaggruppa "Innsats for andre"

2340

Bokn skyttarlag

1000

Bokn sykkelklubb

1000

Byggmester Erik Våga

2000

Galaged Kitchen

1000

Grieg Seafood Rogaland AS

5000

Havnavegen velforening

1000

HighComp AS

7000

Hopp i havet for ein god sak!!

4100

Håflu AS

1000

Hårsmia

1000

Kystvind AS

1000

Mæland bygg

1000

Nedrebø Maskin & Transport AS

1600

Nibe AS

1000

Odd Grønnestad

2000

RH Landbruksservice

1000

Rørlegger Kro

1000

Sjøbris Kafe

500

Tåganes Eiendom

1000

Utdanningsforbundet Bokn

1500