TV-aksjonsdag

Ordførar Osmund Våga, Bianca Alvestad og Jardar Havikbotn håpar på stor givarglede i dag, og ønsker alle ein fin TV-aksjonsdag! - Klikk for stort bileteOrdførar Osmund Våga, Bianca Alvestad og Jardar Havikbotn i kommunekomitéen håpar på stor givarglede i dag, og ønsker alle ein fin TV-aksjonsdag! Jorunn B.Eia Du får ikkje besøk på døra av ein bøsseberar i dag, men du kan gi det du vil på ei digital bøsse - på fleire måtar.

Bokn har 10 digitale bøsser (spleisar) i samband med aksjonen. Bøssene er registrerte med følgande namn:

  • Bianca Mari Alvestad
  • Bokn (kulturkontor)
  • Bokn Røde Kors
  • Bokn Sanitetsforening
  • Bokn skule hoppar i havet
  • Christine Berge
  • Hanne Nilssen
  • Kari Christensen
  • Osmund Våga
  • Rakel Alvestad

Det er sjølvsagt det same kva for ei bøsse du vel - alle beløp blir registrerte på Bokn og går rett til TV-aksjonen. Givarar kan velja å registrera namnet sitt eller vera anonyme.

Du kan søka opp bøssene på fleire måtar:

  • blimed.no - Finn din lokale bøsse - skriv Bokn i søkeruta og Rogaland i fylkesruta.
  • spleis.no - skriv Bokn eller namnet på bøssa i søkeruta.

Gåver

Viss det er bedrifter eller organisasjonar som ikkje har fått gitt ei gåve, kan dette gjerast på givarstafetten. Her har Bokn allereie gjort det sterkt. Dersom nokon treng hjelp til å registrera gåva si, kan dei ta kontakt med ein i kommunekomitéen.

Givarstafetten

Vipps til 2133

Folk kan også gi ved å vippsa til 2133. Nummeret kan søkast opp på telefonen din på vanleg måte, eller du kan gå inn på blimed.no. Der vil du sjå ei eiga rute kor du skriv inn mobilnummeret ditt.

Givarbeløpet blir registrert på den kommunen der telefonen er registrert.

70 000 kr

Bøssebeløpa dei to siste åra i Bokn har vore rundt 70 000 kr. Det blir spennande å sjå om årets digitale bøsser vil gjera ein forskjell.

Ordførar Osmund Våga, Bianca Alvestad og Jardar Havikbotn i kommunekomitéen håpar på stor givarglede i dag, og ønsker alle ein fin TV-aksjonsdag!