Ungt Entreprenørskap

Kreative løysingar på korleis ein kan få bort plasten i havet. - Klikk for stort bileteKreative løysingar på korleis ein kan få bort plasten i havet. Jardar Havikbotn Siste veka i april jobba 7. klasse på skulen med eit prosjekt i samarbeid med Ungt Entreprenørskap Rogaland og Bokn kommune. Prosjektet "SMART" handla om kompetansebygging i problemløysing og samarbeid.

Temaet for veka var «Plast i havet», og skuleelevane arbeidde med å finna kreative løysingar på korleis ein kan få bort plasten i havet og plasten som kjem inn langs strendene våre. 

På fredagen var det presentasjonar og modellvising for ein jury, som bestod av Åslaug Kjetilsdatter Aarhus frå Ungt Entreprenørskap Rogaland og Susanne Kallevik frå HighComp.

Både juryen, rektor Wenche Havikbotn, lærar Margrete Dale og underteikna var mektig imponerte over kva elevane hadde fått til. Klassen var delt inn i fire grupper, og etter interessante presentasjonar og ein juryvurderingspause, var det premieutdeling for beste idé, beste presentasjon, beste prototype og beste samarbeid. Premiekategoriane blei fordelte på kvar si gruppe, og alle elevane fekk premiar.

Bilde frå fredag 30. april: