Universell tilrettelegging
No er golvet i kyrkja måla etter at to benker er fjerna for å leggje til rette for rullestolar, barnevogner m.m.
Publisert av Jardar Havikbotn
Publisert 23.05.2017 14.59
Av Jan Magne Moi
Ein har også funne ut at det hjelper på plassen når ein skal ha kyrkjekaffe.
Framleis er det ikkje kome sti rundt nordsida av kyrkja og fram til toaletta, men eit av toaletta er tilrettelagt for rullestol og her er også lagt til rette med eit stellebord om det skulle vere nødvendig å skifte bleier på småfolk.