Utbetaling frå Havbruksfondet 2024

Bokn får ei utbetaling på 14,2 millionar kroner.

Bilde av logoen til Fiskeridirektoratet - Klikk for stort bileteLogo, Fiskeridirektoratet fiskeridir.no

Av ordførar Egil Våge

4,695 milliardar kroner skal snart bli utbetalte til kommunar og fylkeskommunar med oppdrettsverksemd gjennom Havbruksfondet. 

Årets utbetaling er den største sidan Havbruksfondet vart oppretta. Dette kjem av høge prisar på auksjonen av oppdrettsløyve, men også dei grepa regjeringa har teke for å sørgja for at vertskommunane skal sitja igjen med ein større del av verdiskapinga frå oppdrettsnæringa.

Regjeringa har heile vegen vore tydelege på at dei skal sørgja for at lokalsamfunna langs kysten sit igjen med meir av gevinsten når dei stiller naturressursane sine til disposisjon for oppdrettsnæringa. Havbruksfondet, og innretninga på det, har vore ei viktig brikke i dette. No ser ein det tydeleg når pengane kjem tilbake til kystsamfunna.
Regjeringa auka kommunesektorens del av auksjonsinntektene frå 40% til 55%

143 kommunar og 8 fylkeskommunar vil få sin del av utbetalinga innan kort tid.
Bokn kjem godt ut av det med ei utbetaling på 14,2 millionar kroner.
Dette er pengar som kjem godt med i kommunebudsjettet og i ei dyrtid som no.

Rogalandskommunar som får utbetaling frå Havbruksfondet: