Utleige av kommunale lokale

Bildet viser Boknahåve i 2. etg. Det er eit populært utleigerom i Bokn Arena. Du kan bestilla lokalet på kommunen sine nettsider. - Klikk for stort bileteBoknahåve i 2. etg. er eit populært utleigerom i Bokn Arena. Bestill lokalet på kommunen sine nettsider. Jardar Havikbotn

Bokn kommune har eit eige bookingsystem for leige av kommunale lokale.

Bokn kommune har fleire lokale til utleige, der lag, organisasjonar, private og andre kan reservera plass. Dei som bestiller må hugsa at rigging og rydding inngår i leigetida, og må berekna tid til dette.

Du kan reservera eit lokale eitt år fram i tid. Har du behov for å gå lenger fram enn det, ta kontakt på epost bestille@bokn.kommune.no

Snarveg på framsida

Utleige Bokn Arena har ein eigen knapp under søkefeltet i toppbildet på framsida av denne nettstaden.

Her er ei oversikt over kommunale utleigelokale:

Treningslokale/Store arrangement i Bokn Arena

Den 1283 m2 store idrettshallen i Bokn Arena byr på fleire moglegheiter. Heile hallen kan leigast, men ved hjelp av skilleveggane kan det også gå føre seg fleire "støysvake" aktivitetar samtidig. Dette blir vurdert i kvart tilfelle. Ved bestilling må ein legga inn tid til rigging og rydding i leigetida. 

Bokn Arena kan også leigast ut til arrangement som går over eitt eller fleire døgn. Ved slike behov, ta kontakt med:
Jardar Havikbotn
jarhav@bokn.kommune.no

eller 

Servicetorget
post@bokn.kommune.no

Lag og organisasjonar

Lag og organisasjonar i Bokn kommune kan søka om faste treningstider. Tildelinga gjeld for eit skuleår. 

Laget søker om dei timane dei treng, og fordeler desse internt på ulike aktivitetar. Faste tildelte treningstider vil ligga i utleigekalenderen, slik at andre ikkje kan leiga på desse tidspunkta. Dersom det kjem inn eit spørsmål om å leiga ein del av hallen på eit tidspunkt med fast aktivitet, blir dette vurdert saman med den faste leigetakaren.

Søknadsskjema, faste treningstider

MERK: Dei som har faste treningstider, må vika ved store enkeltarrangement i hallen. Kommunen skal gjera desse arrangementa kjende for dei faste leigetakarane to veker i forvegen (jmf. Vedtekter for Bokn Arena)

Søknadsfrist: 1. juni

Private

Private kan søka om treningstid i hallen. Då skal bookingsystemet under brukast: 

Bokn Arena Hall - Bokn kommune

Bokn Arena Hall-midt - Bokn kommune

Bokn Arena Hall-nord - Bokn kommune

Bokn Arena Hall-sør

Bokn Arena Squashhall - Bokn kommune

Møterom, kurs-, konferanse- og selskapslokale

I denne kategorien leiger Bokn kommune ut fire rom. Ved bestilling må ein legga inn tid til rigging og rydding i leigetida. 

Bokn Arena Boknahåve - Bokn kommune (86 m2)

Bokn Arena Kongshamn - Bokn kommune (30 m2 - møterom)

Boknatun Allrommet (66 m2) (under arbeid)

Bokn skule Auditoriet (102 m2) (under arbeid) 

Fritidslokale

Private kan leiga eitt lokale til fritidsaktivitetar/mindre selskap. Ved bestilling må ein legga inn tid til rigging og rydding i leigetida. 

Kyrkjebygd aktivitetshus, 1. etg. (under arbeid)