Våg å vere kjip!

Illustrasjon til artikkelen.Kommunen vår er ein AV-OG-TIL-kommune, dermed er vi ekstra opptekne av alkoholførebygging og haldningsskapande arbeid. 

Av Anne E. Askeland

Derfor vil vi no, saman med alkovettorganisasjonen AV-OG-TIL, setje søkjelyset på den nokre gonger kjipe jobben med å vere tenåringsforelder.

Klare reglar

Forsking viser at i familiar der dei har klare reglar om alkohol, drikk tenåringen mindre og meir forsiktig. Eit godt råd er derfor å snakke med tenåringen om alkohol og ha klare reglar. Det handlar kort og godt om å vere både kjip og kjærleg i møte med barna våre.

Det er lettare sagt enn gjort, men saman står vi sterkare. Difor har AV-OG-TIL laga ein nettressurs:http://kjipeforeldre.no/ressurser/

Dersom du vil lese meir om temaet, få innspel til korleis du sjølv kan prate med tenåringen din om alkohol, eller rett og slett sjekke om du er ein kjip nok forelder sjølv, kan du gå inn på http://kjipeforeldre.no/.

Gjennom samarbeidet med AV-OG-TIL jobbar Bokn kommune målretta med alkoholførebygging for å skape godt alkovett blant oss boknarane. Vil du vite meir om AV-OG-TIL? Gå inn på http://avogtil.no.