pixabay.com
Kreftkoordinator i kommunen ønskjer å undersøkja moglegheitene for å få organisert ei frivillig vaketeneste i Bokn.
Målet er at ingen pasientar skal døy åleine eller kjenna einsemd i sin siste del av livet. Vaketeneste skal kunna tilby medmenneskeleg nærvær til døyande utan pårørande og til pårørande med behov for avlasting og støtte i ei vanskeleg tid.
Det vil bli gitt god opplæring og kurs til alle som ønskjer å melda seg inn i vaketenesta. Det vil bli arrangert årleg samling for alle frivillige kvar me deler erfaringar og får fagleg påfyll.
Dersom du tenkjer dette kan vera noko for deg eller har spørsmål.
Ta kontakt med
Maria Hauen Våga
E-post: maria.hauen@bokn.kommune.no
Telefon: 47651265