Vaksinenytt pr. 09.09.21

Koronavirusvaksine - Klikk for stort bileteKoronavirusvaksine lmi.no Covid-19-vaksineringa i Bokn nærmar seg slutten. 22. september er siste ordinære vaksinasjonsdag.

 Av kommuneoverlege Jan Schille  

Pr. i dag har over 90% av dei over 18 år fått minst 1 dose av Pfizer sin koronavaksine. Mange mellom 12 og 18 år har også teke imot tilbodet om vaksine. Dei mellom 16 og 18 år får tilbod om 2 doser medan dei yngre no i første omgang får 1 dose. 

Alle vaksinerte får koronasertifikat som er gyldig frå 21 dagar etter vaksinering. Varigheita av sertifikatet avheng av om du har fått 1 eller 2 doser.  

22. september 

Vaksineteamet har gjort ein kjempejobb med administrering og utføring av denne viktige vaksineringa. Framover vil vi kun få levert vaksiner etter bestilling. Du som enno ikkje har bestemt deg, må registere deg innan den 22/9 som er siste ordinære vaksinasjonsdag. Etter dette kan vi ikkje garantere kva tid ein kan få vaksinen.  

Skeptisk? - spør og søk info

Nokre er skeptiske ovanfor vaksinen. Eg ber alle som er usikker på kva vaksineinformasjon dei kan stole på om å spørje fagfolk; spør legekontoret ditt, spør helsesjukepleiar, eller bruk kvalitetssikra informasjon frå seriøse nettstader som helsenorge.no eller fhi.no.