Vaksinenytt pr. 25. august 2021

Koronavirusvaksine - Klikk for stort bileteKoronavirusvaksine lmi.no Alle unge som er fødde i 2004 og 2005 får no tilbod om vaksine mot korona.

Av kommuneoverlege Jan Schille

For å registrere deg kan du eller føresette ringe Bokn legekontor på 52 75 25 40 eller sende sms til 2097:  BOKN Fødselsdato Namn ønsker vaksine til 2097

Eksempel: BOKN 123456 Kari Nordmann ønsker koronavaksine. 

I tillegg kan born i alderen 12-15 år med høg risiko for alvorleg sjukdom få vaksine. 

Vi tek sikte på å kunne tilby vaksine frå neste veke til alle som registrerer seg.