Vaksinenytt 

Vaksinasjon - Klikk for stort bileteVaksinasjon pixabay.com Her er siste nytt om koronavaksine og influensavaksine i Bokn.

Av kommuneoverlege Jan Schille

Koronavaksine

I Noreg får alle med alder 65 år eller eldre tilbod om ein oppfriskningsdose. Det vert Pfizer sin vaksine som vert nytta til dette, og den skal settast minst 6 månadar etter dose 2.

Alle i aktuell aldesgruppe vil få innkalling til vaksinering omlag 6 månadar etter dose 2. Denne vaksinering vil føregå i tida fram til jul. 

Nokre få med alvorleg immunsvikt får tilbod om 3. dose - dette er ikkje ein oppfriskningsdose og kan settast 4 veker etter dose 2. Aktuelle skal ha blitt kontakta av sjukehuset med informasjon om korleis denne skal takast.   

Dersom du ikkje har fått 1. eller 2. dose kan du og ta kontakt med Bokn legekontor. Enklast på SMS til 2097. Skriv BOKN fødselsdato namn + ønsker koronavaksine

Influensavaksine

Vi ventar levering av influensavaksinen i løpet av denne veka og kan truleg tilby denne frå neste veke av. Du kan få den ved å ta kontakt med legekontoret. Influensavaksinen vil vere gratis om du har frikort, og ellers kostar han 50 kr.

Vi tilrår alle som er i risikogrupper og alle helsepersonell om å ta vaksinen.  Det må gå minst 7 dagar mellom infuensavaksinen og oppfriskningsdosen av koronavaksinen. 

Du kan komme innom i opningstida tl legekontoret eller bestille denne ved å sende SMS til 2097: Skriv BOKN fødselsdato namn + ønsker influensavaksine