Valdebatten 2023

Det var stor deltaking og god stemning på årets valdebatt i samband med kommunestyre- og fylkestingvalet 11. september

Bilde av det smikkfulle auditoriet - Klikk for stort bileteSmikkfullt auditorium under valdebatten 30. august. Osmund Våga

Auditoriet med 90 faste seter blei smikkfullt då over 100 personar møtte opp. Spesielt gledelig var det med alle ungdommane og deltaking frå ungdomsrådet.

Takk til listekandidatar frå fylkespartia som hadde tatt turen til Bokn for å informera om fylkespolitikken; Frode Berge (Ap), Lasse Fredheim (H), Anne Kristin Bruns (Krf) og Hanne Marte Vatnaland (Sp).

Stor takk til Harald Dale som nok ein gong leia debatten på ein god måte. Her var spørsmål fra partiprogramma, diskusjon om m.a. ungdom, bustadbygging, Rogfast  og kommunesamanslåing.

Debatten blei runda av med spørsmål frå salen og ordførarduell mellom ordførar Osmund Våga og varaordførar Lene Ognøy Foss.

- Då ser me fram til valet. Eg oppfordrar alle til å stemma, enten på valdagen eller førehandsrøysting, seier ordføraren.

Det var 15 stk. som førehandsrøysta på biblioteket etter debatten, då det var opent til kl. 22.

Godt val.