Vasar på gravplassen

Vasar og vasestativ på gravplassen. - Klikk for stort bileteVasar og vasestativ på gravplassen. Jan Magne Moi Nytt frå i sommar er at det er kjøpt inn vasar som kan nyttast når du skal setje avskorne blomar på grava. Det hender at ein har gløymt vase og treng ein for dette høvet.

Av kyrkjeverje Jan Magne Moi

Dersom du har visne blomar på grava og lurer på kva du skal gjere med den tomme vasen. IKKJE set han utfor bedet/bedplata du har ved gravstøtta. Legg han i korga ved vassposten, så kan andre låne til du treng vasen att.

Årsaka til at me har gått til innkjøp av vasar og vasestativ, er nettopp at det altfor ofte er vasar som står bak støtta eller som står ved sida av bedplata eller bedet framfor gravsteinen. Dei vil no bli fjerna om dei ikkje er innanfor bed/bedplate, for vasane er til stort hinder for grasklippinga.