Vegopning

I morgon, tysdag 29. mai kl. 11:00 opnar fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal den nye Føresvikvegen. Markeringa skjer ved Bokn Arena.

- Dette blir 17. mai nr. 2, med m.a. Bokn musikkorps og Bokn barnehage med song og norske flagg, fortel ordførar Tormod Våga, som sjølvsagt også skal vera til stades.

Etter utemarkeringa er det samankomst for spesielt inviterte. Der skal kulturskuleelevane Michelle Våga og Ole Johan Øvrebø spela piano.

Trafikktryggleik

1,5 km veg med fortau, ombygde kryss og avkøyringar, samt moderne veglys kjem til å betra trafikktryggleiken betrakteleg. Totalkostnaden er på om lag 25 millionar kr.

Asbjørn Opedal i Statens vegvesen seier dei er svært nøgde med at dei ikkje har hatt personskader i byggeperioden og samarbeidet med entreprenøren har vore bra.

- Kontrollingeniør Bjørn Brekke i Statens vegvesen har i lag med Bertelsen & Garpestad funne gode løysingar, avsluttar Opedal.

Bilder frå dagen før dagen:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete