Vellukka julegrantenning

Julegrantenning, 1. desember 2020. - Klikk for stort bileteJulegrantenning, 1. desember 2020. Bokn sanitetsforening Det blei ei fin førjulstund då Bokn sanitetsforening arrangerte julegrantenning på Boknatun 1. desember.

Saniteten annonserte på førehand at julegrantenninga ville vera "i nytt lys", og dei skal ha skryt for god tilrettelegging og gjennomføring i ei spesiell tid.

I strålande vintervér fekk dei 100 personane som kom både tale frå ordføraren, stemningsfulle juletonar frå Bokn Brass, sanitetsnisse, kaffi, kakemenn og godteposar. Det var vel berre gong rundt treet som mangla, men folket var nok klar over at det får venta.

Fornøgd og takksam

Sanitetsleiar Daghild G. Alvestad vil takka alle som bidrog til den hyggelege adventsstunda, og kjem med ei helsing til slutt:

- Det kjem ei tid då me igjen skal få gå rundt juletreet, halda hender og gi kvarandre ein klem. Hald fast på det og ha ein fin desember!

Glimt frå arrangementet: