Verdas miljødag

5. juni er verdas miljødag. Boknarar er veldig gode på miljøvern, spesielt strandrydding.

Bildet viser ein flott gjeng med ungdommar etter strandrydding i Kråkevågen. - Klikk for stort bileteFlott gjeng med ungdommar etter strandrydding i Kråkevågen 12. mai. Bianca Alvestad

Verdas største miljømarkering har i år fokus på plastforureining og å finna ei løysing på problemet.

Det handlar om at verda produserer meir enn 400 millionar tonn plast kvart år. Halvparten blir berre brukt éin gong, og mindre enn 10 prosent er gjenvunne. Rundt 19-23 millionar tonn plast hamnar kvart år i innsjøar, elver og hav, ei vekt som tilsvarar 2200 Eiffeltårn.

Les meir om temaet til verdas miljødag her

Lokale miljøforkjemparar

Bokn har folk i alle aldrar som bidrar til ein reinare planet, frå barnehagebarn til pensjonistar. I samband med strandryddedagen 6. mai, plukka 1. - 3. klasse søppel rundt skulen den 15. mai.

Bildet viser ein kreativ nstallasjon av drivved som har kome inn i Kråkevågen. - Klikk for stort bileteKreativ installasjon av drivved som har kome inn i Kråkevågen. Bianca Alvestad

12. mai var 21 elevar og 3 vaksne frå valfaga friluftsliv og innsats for andre i Kråkevågen og plukka søppel. Då dei kom ned, såg det ikkje ut til å vera mykje å finna, men i kratt og buskar fann dei ein god del.

Det var tydeleg at det har vore gjort ein god jobb frå før, så då plukka dei ennå meir av småplast og det som har vore der lenge. Ein nesten full storsekk blei det etter 3 timars rydding og ein kreativ installasjon av drivved blei laga i strandkanten.  

Elevane gjorde ein framifrå jobb og fekk samla mykje. Tusen takk for god innsats til ein flott gjeng med ungdommar. 

Det nyttar!

Systematisk strandrydding i Bokn sidan 2017 har gitt resultat. Store delar av strandlinja i kommunen er mykje reinare nå, og mange boknarar kan vera stolte over eigen innsats. 

Også i år, både før, under og etter Strandryddedagen 2023. RagnSells melder om at det var 1 080 kg marint avfall i containerane. I tillegg til at fleire private deltakarar fann andre måtar å kvitta seg med avfallet på, ligg mange hundre kg i storsekkar i enkelte viker. Totalresultatet er derfor ikkje klart enno.

Ekstra flott var det at fleire viker på vestsida av Vestre Bokn fekk besøk. Bokn sykkelklubb sørga for fulle storsekkar i Stolvika og Røyrvika, medan Speidarane rydda både Nordra og Søra Ausevika, i tillegg til Steinsvika i Hognalandsbassenget. Bokn fiskarlag var også i nærleiken, då dei tok for seg Drevsund, Røydehabn og Jøsenvågen. 

Me er også svært glade for at Skanska var med oss, då dei tok for seg strekninga Arsvågen-Sandvika i veka før strandryddedagen. Grieg Seafood har også varsla at dei vil ha ein ryddeaksjon i sommar. 

Takk til alle private, lag og organisasjonar og lokalt næringsliv for innsatsen rundt Strandryddedagen 2023!

Sporløsposen

På kommunen sitt søppelplukke-lager på Boknatun er ein del småposar du kan ha med deg på tur; den såkalla Sporløsposen. Inspirert av miljøvettregel nr. 6: Vær rustet mot uventet søppel, kan posen brukast til eige avfall og til å samla anna søppel som du finn endervegs. Når turen er over, kan du hiva han heime.

Ta kontakt med kulturkontoret, tlf. 98 22 15 08 viss du vil ha ein eller fleire av desse posane med deg på tur, så bidrar du enno meir til eit reinare Bokn.