Vingespenn er årbok for Tysvær historielag, Nedstrand museum -og historielag og Bokn historielag. Det er første året Bokn historielag er med på utgivinga.
Skulehistorie
Årets tema handlar i hovudsak om skulehistorie i Bokn og Tysvær. Du kan lesa korleis skulegang gjekk føre seg før skulehusa blei bygde, om skular og skulestrid på Bokn, om å vera lærar på Bokn og om strabasiøse turar langs skulevegar i utmarka.
Du finn også ei fortelling om Edvard Grieg si komponisthytte på Bokn og krigshistoria om Lars Tobias Ognøy- med tilnamnet Litle Lars. I tillegg til ei rekke skulehistorier frå Tysvær kan ein lesa blant anna om hekseprosessar på Nedstrand og om han Bernt frå Førre som overlevde "Titanics" forlis.
Bokn historielag håpar at samarbeidet med Tysvær historielag kan bidra til å formidla lokalhistorie i åra framover med fortellinger frå daglegliv og anna som kanskje ikkje er så kjende for folk flest.
Pris og betalingsmåtar
Boka er lagt ut for sal i servicetorget på Boknatun og kostar 250 kr for betalende medlemmer av Bokn historielag og 350kr for andre.
Betaling til konto 32401001122 eller Vipps 110179