Vintervedlikehald

Snøbrøyting - Klikk for stort bileteSnøbrøyting pixabay.com Informasjon om vintervedlikehald Bokn kommune 2021.

Bokn kommune v/entreprenør Odd Grønnestad har ansvaret for å brøyta og strø kommunale vegar, fortau samt aktuelle parkeringsplassar. Område der det er utfordrande å komma til med store kjøretøy/strøvogner, blir brøyta og strødd av driftspersonell i teknisk.

Det skal strøast inntil alle aktuelle inngangsdører for kommunale formålsbygg og langs mindre gangvegar, trapper osv.

NB: Barnehagen har tilgong til strøsand slik at barnehagepersonell likevel også kan strø ved behov. Barnehagen kjenner sjølv best til kor denne strøsanden er plassert. Me oppfordrar til at alt barnehagepersonell gjer seg kjende med plassering av strøsand.

Melda behov

Behov for å fylla på med ny strøsand skal meldast inn til telefon: 98 22 15 06 i tida 07.30 – 15.00.

Driftspersonell teknisk har som mål å ha brøyta og strødd tilfredstillande innan klokka 07.00 når det gjeld område i tilknytning til barnehage/skule/sjukeheim/kommunehus/midlertidige brakker.

NB. Det er likevel å presisera at dersom veret kjem «brått på» så vil det vera gonger der ein kanskje ikkje har strødd i tide. Me ber då om at alle tek seg fram etter ver og føre inntil driftspersonell har fått ut strøsand.

Entreprenør Odd Grønnestad, på vegne av kommunen, brøyter og strør i prioritert rekkefølge basert på dei til eikvar tid mest kritiske stadene (kan vera veravhengig).

Fylkesvegar

Når det gjeld fylkeskommunale vegar, har Rogaland Fylkeskommune ansvar for vintervedlikehald. Ynskjer du å melda frå om behov for brøyting eller strøing, ring 175.