Feil i Boknakalenderen 2017 Fjorårets skotår har ført til ein beklageleg feil i årets kalender. Publisert av Jardar Havikbotn Publisert 05.01.2017 14.34 I kalendariet for mars månad stemmer ikkje dag og dato overeins. Trykkeriet brukte februar sine 29 dagar i 2016 som utgangspunkt då kalenderen skulle lagast, og feilen blei beklagelegvis ikkje oppdaga under korrekturrundane i haust. Resten av kalendariet i trykksaken er rett. Det blir ikkje produsert og sendt ut ny, så folk må teikna ei pil eller setta inn nye tal på rett dag når mars kjem. Det er også laga ein korrigert versjon som kan brukast til utskrift for dei som ynskjer det (PDF, 45 kB).