Klopp-planlegging og TellTur-start

9. klasse m/for. tar eit tak for stinettet i kommunen. Preben Våga, Gaute Drilen Jøsang og Lene Vatnaland på Boknahåve med TellTur-kode.

Bilde: Preben Våga, Gaute Drilen Jøsang og Lene Vatnaland på Boknahåve med TellTur-kode.

Merking og kvisting av turstiar har blitt ein tradisjon for 9. klassingar på Bokn skule. I år står også klopping (trematerial eller steinheller over våtområde) på planen på stien ut til Boknahåve. Fleire turgåarar vil nok ta turen til Boknahåve etter at dette arbeidet er ferdig.

Onsdag 22. mars var tre frå klassen og to foreldre ute på befaring saman med Odd-Bjørn 

Fv. Lene Vatnaland, Kurt Jøsang, Preben Våga, Gaute Drilen Jøsang og Jens Morten Vatnaland i traseen til Boknahåve.Saltnes frå Friluftsrådet Vest. Sistnemnde kjenner godt til traseen og veit kor våtområda er. Han kom med råd og tips til korleis klopping skulle utførast.

Jens Morten Vatnaland fortel at dei fann fire aktuelle våtområde, og til saman er det behov for 45 m med klopp. 

- Me satsar på å utføra dette arbeidet før lemming og konfirmasjon, seier han.

TellTur-startskot

24. mars er starten på årets TellTur, friluftsrådas elektroniske system for turregistering (postkassetrim). Odd-Bjørn Saltnes nytta sjansen til å slå fleire fluer i eitt smekk og tok ungdommane med seg ut til postkassen med koden.

TellTurar i Bokn er Boknafjellet, Boknahåve, Hognåsen, Klepphaugen, Turstien og Vardafjellet, der turen til Klepphaugen er ny i systemet. Nye kodar skal vera på nesten alle stadene. Kode på Hognåsen er ventelig på plass sundag 26. mars og på Vardafjellet 27. mars.

Karen frå Frilufstrådet Vest fortel at fleire er under planlegging, og han håpar å kunna presentera fleire denne våren. Målet er å etablera 10 TellTurar i Bokn.