Utbetring av Føresvikvegen

Dato for opning av ny veg til Føresvik er førebels sett til 1. mai 2018.

Dato for opning av ny veg til Føresvik er førebels sett til 1. mai 2018. 

- Sannsynlegvis blir strekninga ferdig lenge før, men årstida i anleggsperioden gjer at det blir eit oppussingsarbeid til våren neste år, seier kontrollingeniør Bjørn Brekke frå Statens vegvesen. Han legg til at utbetringsarbeidet på Føresvikvegen, som vil starta etter skuleslutt 21. juni, blir avhengig av véret utover seinhausten i år.

Vegmodell

Brekke reknar også med at det første faste dekket på vegstrekninga samt nye lysande gatelys vil komma før jul, men at finpussinga skjer om våren neste år.

Flott veg

Vegen skal utvidast vestover til full breidde (6 m) – to køyrefelt med gul stripe i midten. På austsida vil det komma eit 2,5 m breitt fortau (sykkel- og gangveg).

Tilbodsrunden har starta, og denne vil avgjera kor mykje nyveg det blir av dei 27. millionane som er avsette.

Sikkerheit og logistikk

Asbjørn Opedal th. og Bjørn Brekke svarar på spørsmål om vegprosjektet.Dette vil vera avhengig av framdriftsplanen til entreprenøren, men sannsynlegvis vil arbeidet starta ved Bokn Arena, og strekninga Bokn Arena – «Hallvardskrossen» vil bli stengt først. Trafikantar må då i perioden bruka vegen om kyrkja.

- Trygg skuleveg er vårt ansvar, og me vil hjelpa til å få det trygt for skuleelevane og andre mjuke trafikantar i anleggsperioden, seier prosjektleiar Asbjørn Opedal.

Prosjekt trygg skuleveg blir først aktuelt neste skuleår. Karane frå Statens vegvesen har innleia samarbeid med rektor på skulen om sikkerheit i anleggsperioden.

 

Det vil fortløpande bli lagt ut informasjon om utbetringa av Føresvikvegen på nettsidene til Bokn kommune.

Spørsmål om vegprosjektet kan rettast til:
Prosjektleiar Asbjørn Opedal
Tlf. 94872087
EP: asbjorn.opedal@vegvesen.no
Kontrollingeniør Bjørn Brekke
Tlf. 91358263
EP: bjorn.brekke@vegvesen.no