Boknatun er kommunehuset i Bokn kommune og ligg i Boknatunvegen i Føresvik.
Bygget blei teke i bruk den 1. august 1987 og hadde ei opprinneleg grunnflate på 1 875 m2.
Publisert av Jardar Havikbotn
Publisert 15.11.2017 15.14
Dei seinare åra er Boknatun blitt bygd ut med nye fløyar i nord og vest, slik at bygget i dag har ei grunnflate på 3300 m2 BRA. Her finn du kommunale- og offentlege kontor, helsestell og anna tenestetilbod.
Ta av frå E39 og følg FV890 mot Føresvik. Etter om lag 2,6 km sving venstre ved skilt ”Boknatun” og følg Boknatunvegen til rundkjøring. Boknatun ligg plassert nord for rundkjøring – kvit bygning. Hovudinngangen er på nordsida av bygget. Følg skilting.
Austre fløy/nordre fløy – 1. etg.
Inngang nord (Hovudinngang):
• Servicetorg
• NAV Bokn trygd
• Landbrukskontor
• Ordførar
• Kommuneadministrasjon
• Kyrkjeverje
• Skatteoppkrevjar
|
|
Austre fløy – 2. etg.
Inngang sør:
• Legekontor
• Tannlegekontor
• Helsestasjon
• Fysioterapi
• Jordmor
• Psykiatri
• Allrom
|
|
Midtre fløy – 2. etg.
Inngang vest:
• Sjukeheim
|
|
Nordre fløy – 1. og 2. etg.
Inngang vest:
• Avlastingsbustader
• Omsorgsbustader
• Dagsenter
|
|