Av ordførar Osmund Våga
Årsmelding og rekneskap blei godkjent. Eg oppfordrar folk til å lese dei. Her står det mykje interessant om drifta i kommunen.
Årsmelding 2019
Rekneskap 2019
Rekneskapet syner eit flott overskot på over 6 mill. Her må eg få gi ros til administrasjonen for å halde god kontroll på økonomien, sjølv om mykje av dette kjem frå ei ekstra utbetaling frå havbruksfondet.
Overskotsfordeling
Då er me i ein heldig situasjon der me kan disponere overskot, heller enn å prøve å dekke eit underskot.
Det blei fordelt på følgande måte:
500 000 til flomsikring/overflatevatnproblematikk. | Det har vore et problem med overvatn i området rundt Boknatun, her må det gjerast noko for å unngå skader på bygget. |
500 000 til næringsfond. | Mykje av overskotet til Bokn kjem frå næring, så her vil vi gi litt tilbake. Vi fyller på næringsfondet så vi kan gi støtte til små og store bedrifter i forbindelse med oppstart og investeringar. Her vil vi oppmode næringslivet til å søkje, og samstundes oppfordre til at dei samlar seg i ei foreining som kommunen kan ha kontakt med. Det var tidlegare eit næringsforum i Bokn, og vi vil oppfordre til at dei får dette i gong igjen. |
500 000 til vedlikehald av vegar i Bokn. | Ein del vegar treng oppgradering eller vedlikehald, så vi set av midler til det. |
100 000 til vedlikehald av ballbingen på skulen. | |
100 000 til pc-ar til skulen. | |
140 000 vert brukt til å finansiere sommarjobb for ungdom, det har vist seg å vere eit populært tiltak, og vi håper å kunne fortsette med det neste år også. | |
80 000 vert brukt til å finansiera oppjustering av kulturmidlar. Det vart redusert i budsjettet, nå brukar me av overskotet til å justere det opp igjen. | |
Det resterande vert sett av på disposisjonsfondet.
Det var også ei sak med ekstra midler fra staten i forbindelse med korona.
Bokn fekk 714 316 kr som vert fordelt slik:
- 200 000 til sanitæranlegg i Føresvik.
- 200 000 til styrking av prosjektet «opplev Bokn».
- 314 316 overført til næringsfondet, men med spesielle krav og kort søknadsfrist.
Dette har vore informert om i ei eiga sak.
Tilskot til skule
I kommunestyret 31.3.2020 vart det vedteke å auke budsjettramma for skulebygging med 3 mill. for å inkludere kulturskule i prosjektet. Dermed kunne ein søke kulturmidlar frååfylket til dette.
Regional-, kultur- og næringsutvalgets i fylket behandla dette i sak 52/2020 i møte den 27.08.2020, og Bokn blei tildelt 1,5 mill.
Dette var vel omtrent i tråd med det me hadde forventa, og kjem godt med i skulebygginga.
Kula ( Kulturlandskap av nasjonal interesse)
Riksantikvaren har sendt ut forslag om 17 landskap i Rogaland som skal inngå i registeret Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse (KULA). Aktuelt område i Bokn er eit utvida Hognalandsbasseng, inkl.Grønnestadvågen, Sunnalandsstraumen, Klepp og Skodahabn.
Forslaget gjeld fiskevær frå fortida (jernalder/middelalder), såkalla fjæremannstufter.
Vi har forståelse for Riksantikvarens interesse, men meiner det kan gi for store begrensingar for aktivitet i Bokn og at boknarane er best eigna til å vurdere dette sjølv, så vi vedtok at vi går mot at dette området skal med i registeret. Vi vil heller diskutere dette i revidering av arealplanen som vi begynner på nå.