Valdagen , Valtinget, er fastsatt til 9. september 2019.
Førehandstemming:
Førehandsstemminga startar 12. august 2019 og du kan førehandstemme i Servicetorget, Boknatun, i opningstida på kvardagar. Alle kan førehandsstemme dersom dei ønskjer det, ein treng ikkje å ha ein spesiell grunn for å nytte seg av førehandsstemmeperioda. Det er sjølvsagt viktig dersom du er bortreist/ute av kommunen på valdagen å få førehandsstemt.
Tidlegstemming:
Tidlegstemme kan ein gjere frå måndag 1. juli 2019. Dette tilbodet er fyrst og fremst berekna for dei som ikkje har moglegheit til å kunne delta på førehandsstemming eller stemme på valdagen. Dersom du vel å stemme i tidlegstemmeperioda har du kun moglegheit til å stemme på partier/lister og får ikkje gitt ekstrastemmer til enskilde kandidatar.
Tidlegstemming kan du gjere i Servicetorget, Boknatun. Opningstid for tidlegstemming er:
måndag - torsdag frå kl. 08.30 til kl. 14.30.
Hugs å ta med legitimasjon når du kjem innom for å stemme.
Ta kontakt med Servicetorget på tlf. 52752500 dersom du lurer på noe når det gjeld val.