Ordføraren har ordet, år 2002

Svein Ove Alvestad:

Desember 2002

Hei!

Budsjettet

Behandling av budsjettet er i full gang og formannskapet har hatt møte og kommunestyre vil ha møte 18/12. Rådmannen sitt framlegg til budsjett med ca 300 000,-  til disposisjon og investering på 1,5 mill syntes formannskapet var for stramt og ein vil ha ei gjennomgang av drifta for å sjå på organisering og omfang. Formannskapet var delt i synet på omfanget av innsparingane. Det er eit mål å unngå kutt i tenesteproduksjonen. Formannskapet gjekk og inn for å utsetja deler av investeringane. Dei investeringane som er aktuelle er trafikksikkerhetstiltak, vedlikehald på bygg og ombyggjing på allrommet. Det var meininga å vedta serviceerklæring for kommunen i 2002. Det har me ikkje klart, men arbeidet er starta og dei vil bli vedtatt i 2003.

Interkommunalt samarbeid

Mange har nok og registrert at eg har underskreve ein intensjonserklæring om styrka interkommunalt samarbeid med Haugesund og Sveio, kor Tysvær ikkje var med. Ordføraren registrerer at Tysvær ikkje har sett seg i stand til å sjå på et nærare samarbeid med Bokn nå, men eg trur og håpar at Bokn og Tysvær vil kunne vurdere samarbeid på eit seinare tidspunkt.

Det er viktig å komma i gong, ikkje berre snakka om samarbeid, i tillegg til at me arbeidar med praktiske og konkrete tiltak, derfor intensjonsavtalen med Haugesund. Det er viktig å styrka samarbeidet for å få fleire og betre tenester enn kommunane klarar enkeltvis.  Det er og viktig med samarbeid for å styrka utviklinga av Haugalandet. Det er og mitt mål med samarbeidet at det må være basert på likeverd og tillit, og utveksling av tenester skal være gjensidig.

Opning av nybygget på skulen

Tirsdag 17/12 blir det opning av nybygget på skulen av Fylkesordførar Roald Bergsaker.

Dette er noko me har sett fram til lenge og eg er sikker på at dette vil styrka kvaliteten på læringa og arbeidsforhold både for elevar og lærarar.

Eg er også glad for at me får eit auditorium som eg trur blir mykje brukt i mange sammenhengar. Det var synd at biblioteket ikkje blei ferdig, der må leggjast delvis nytt golv. Me kan alle gle oss til at det blir klart.

Med dette vil eg takke alle for året som har gått og ønske alle ei fredfull og God Jul og eit trygt og Godt Nytt År. 

Svein Ove

 

November 2002

Hei!

Drukningsulykka i Sauda

Denne har gått inn på oss alle, og våre tankar går til dei etterlatne. Det er svært beklageleg at der ikkje blir reagert når folk ringer inn til politiet, me forventer det. Men det viser også kva som kan skje når me misbruker slike nødtelefonar. Det som llikevel er verst er at fleire visst har høyrt rop om hjelp og ikkje reagert i det heile. Denne utviklinga i samfunnet er skremmande. Me må ikkje få eit samfunn som er så kaldt og egoistisk at me ikkje bryr oss kva som skjer rundt oss.

Er det nokon som kan trenge hjelp på ein eller annan måte så prøv å hjelp til så godt ein kan.

Drosjeløyve

Mange beklager seg over at me ikkje lenger har drosje på Bokn. Det blir upraktisk og svært dyrt for mange. Det er fylkeskommunen som administrerer drosjeløyvene i fylket og kommunen ser på om me kan få til ei ordning. Eg vil nytte anledningen til å takke John Magne og Liv for at dei har stilt opp og fått oss heim, gjort legebesøk eller andre ærend, både natt og dag.

Bokn Plast AS

Som mange har sett så er arbeidet starta opp for å byggemodna tomta til Bokn Plast AS. Det er godt å endeleg kome i gong med noko som har vore snakka om i mange år. Sjølv om det vil gå nokre år før Bokn Plast AS forhåpentligvis har flytta all verksemda si til det nye området er eg sikker på at dette blir ei svært god løysing for bedriften, bebuarane i Føresvik og utviklinga av Føresvik som sentrum.

Omsorgsbustader

Formannskapet har behandla og godkjent anbud for utbygging av ni omsorgsbustader. Arbeidet vil starte opp før årsskiftet og vil være ferdig hausten 2003. Når denne utbygginga er ferdig har Bokn fått svært gode bygg og tilbod innan skule, pleie og omsorg og barnehage. Det gjenstår at Bokn hadde hatt betre tilbod innan idrett og kultur, sjølv om ungdommen har sitt eiga hus og idrettslaget bygger klubbhus. Vidare store utbyggingar må vente til Bokn har fått nedbetalt noko lån og økonomien betrar seg.

Ungdommen

I forrige nummer av Bygdabladet fekk eg eit brev frå ungdommen på Bokn som var kritisk til kva Bokn gjorde for dei, spesielt i forhold til dataklubben Lanux. Eg har nå avtalt møte med dei 27/11 for å gå gjennom situasjonen. Eg vil komme tilbake med meir informasjon og eventuelle tiltak etter møtet, men kan opplyse om at Øyvind Børgesen er tilsett som vikar i ungdomsarbeidarstillingen.

Havneplan for Karmsund havn

Kommunestyret har hatt havneplan for Karmsund havn til høyring og der ligg det mulighet for at aust-sida av Austre Bokn kan vere aktuell som miljøhavn og servicehavn for større båtar.

Det som først og fremst aktualiserer miljøhavn er mottak og behandling av ballastvatn. Ballastvatn blir i dag sett på som eit stort problem og ein arbeider internasjonalt med korleis dette bør behandlast. Eg trur det vil ta tid før ein internasjonalt blir einig, så ein utbygging på Austre Bokn ligg fram i tid.

”Bokn gard og ætt”

Band 2 av bygdaboka er ferdig. Arbeidet starta i 1986, sjølv om det då ikkje var meining å gi ut gards- og ættesoge for Bokn. Bygdaboknemnda og forfattar har lagt ned svært mykje tid i dei viktige og etterlenkta  bøkene. Kommunestyret har holdt middag for bygdaboknemda og forfattar der me takka dei for det enorme arbeidet dei har gjort for Bokn,

Tusen takk  Sigvart, Solveig, Olaug, Liv, Svein Ivar og Birger. Målfrid fekk ikkje oppleva band 2 ferdig, men det var godt at Målfrid fekk oppleva band 1 ferdig. Ho var kanskje ein av dei som bidrog mest i dette arbeidet.

Svein Ove

 

Oktober 2002

Hei!

Utviklinga i Bokn og Kommuneplanen

Formannskapet hadde møte med Fylkesmannen, som møtte med dei sentrale folka sine innan områda me ville ta opp. Me fekk presentert synspunkta våre og Bokn sine utfordringar. Fylkesmannen fekk ei betre forståing for utgangspunktet vårt. Så er det slik at der er statlege føringar som Fylkesmannen må følge. Det er allikevel rom for noko skjønn og me fekk tilbake-melding om at dei skulle bruke det, i Bokn sin favør, så langt råd var og at dei nok behandla kommunane litt ulikt.

Men det som kanskje var det viktigaste er at ein kommuneplan er eit svært viktig styringsredskap.  Fylkesmannen brukar den i si sakshandsaming og gjer sine vedtak utifrå den. Det blir då svært viktig at alle engasjerer seg i utforminga av Kommuneplanen slik at den gir anledning til ei positiv og ønska utvikling på Bokn. Den må angi kor det kan vere aktuelt med bustadbygging, også spredt bustadbygging som er svært viktig på Bokn, næring, naust, molo og hytter. Kommuneplanen for Bokn er under revisjon og der vil bli gitt anledning til å komme med innspel ved fleire anledningar. Mange har allerede vært involvert i utarbeiding av landbruksplan og kystsoneplan som er delar av Kommuneplanen.

Kommuneøkonomien

Me begynner nå å få oversikt over økonomien til Bokn kommune for 2003. Inntektene og driftsutgiftene til kommunen blir redusert litt, og då  spesielt lønn og pensjonsutgifter aukar mykje  slik at budsjettet ikkje vil gå i balanse med dagens drift. Administrasjonen går nå gjennom tala og drifta. Dei vil så komme med alternative forslag til innsparingar. Kommunestyret vil så avgjere kva tiltak som skal settast i verk for å få eit tilfredstillande budsjett. Eg vil prioritere å opprettholde tenestene til Bokn sine innbyggerar og spare mest mulig på administrasjon. Det kan skje ved samarbeid med andre kommunar, kjøp av tjenester, og me må stille spørsmål ved om me kan utføre alt papirarbeidet me blir pålagt av andre myndigheter.

Statlege overføringar

Bokn opplever nå ein tilbakegang i folke-talet, som og gjer at Bokn får lågare overføring frå staten. Dette er ei uheldig utvikling for eit så lite samfunn som Bokn. Fleire basistilbod kan stå i fare for å forsvinna og mykje kan bli for dyrt og vanskelig å driva. Det er derfor svært viktig at alle gjer det dei kan for at Bokn fortsatt blir den beste staden å bu på Haugalandet.

Delta positivt i det som skjer, arbeid i frivillige lag og organisasjonar, kan eg skape min eigen arbeidsplass? Benytt tilbod og tenester på Bokn og omtal Bokn som den beste plass å bu.

I frå kommunen si side vil me fortsette vårt arbeid med satsing på barn og unge, god skule, bustadtomter, næringsetableringer, gode kommunale tenester, og gjere Bokn kjent som ein trygg, sentral og god stad å bu.

La oss gå i lag og gjere ein innsats for at Bokn som lokalsamfunn skal utvikle seg

positivt.

Svein Ove

 

August 2002

Hei!

Etter ein dårlig start på sommaren, har nå finveret kome for fullt og eg håpar at alle har fått nyte sola, bada og slapt av i Bokn sin fine natur enten til lands eller vanns.

Bokn si utvikling

Eg har fått reaksjon frå fylkesmannen på brevet eg skreiv til henne. Ho vil komme til Bokn for å diskutere Bokn si framtid og utfordringar med Formannskapet.

Eg har og svar frå miljøvernministeren som vil ta kontakt etter sommerferien for å få vite meir om våre utfordringar. Det er min intensjon med desse møtene og samtalane at kommunane må få bestemme meir  over sine eigne areal og ressursar . Det er Bokn sin befolkning, i lag, som er best egna til å meine noko om kva som gagner Bokn best og som kan gjennomføre dette. Myndighetene må vere ein med-spelar, ikkje motspelar, og legge forholda til rette for ein god utvikling for Bokn. Bokn og andre lokalsamfunn må få ein sjanse til å utvikle seg vidare og bli ein del av framtidas Norge.

Politisk arbeid

Bokn har fått svar på sin søknad om direkte ordførarval, og svaret var som venta at me får delta ein gong til. Kommunestyret vil nå ha ein gjennomgang av vedtektene for å sjå om noko skal endrast på, og så vil kommunaldepartementet godkjenne vedtektene. 

Me driv politisk arbeid for å få ein best mulig utvikling for Bokn og oss som bur her. Nokon gonger er me ueinig om måla og vegen til måla om korleis me vil at utviklinga skal gå, og derfor har me fleire partier. Du kan vere med og påvirke utviklinga på Bokn og få gjennomført det du brenn for ved å engasjere deg i eit parti og delta i det politiske arbeidet. Det er viktig for demokratiet og mangfoldet at fleire engasjerer seg. Eg håpar og trur at de set pris på at Bokn har direkte ordførarvalg ein gong til og engasjerer dykk i nominasjon og val av ordførar og kommunestyre.

Bokn Plast AS

Etter sommarferien hadde kommunen møte med Bokn Plast AS, og kommunen fekk  positive signal frå dei. Bokn Plast AS vil satse på Bokn og ser for seg framtida her. Kommunen vil starte opparbeidinga av det nye industriområdet, sannsynlegvis innan 2 månader. Det er svært viktig for Bokn at Bokn Plast AS styrker sin posisjon og får mulighet for framtidig utviding. Det trygger dei arbeidsplassane som er i dag og gir mulighet for fleire.

Svein Ove

 

Juni 2002

Hei!

Verdiar

Her ein dag kom eg i snakk med ein person som hadde blitt ramma av sjukdom og blitt sjukemeldt. Han var svært glad og takknemlig for støtta og hjelpa han hadde fått i lokalsamfunnet på Bokn og han var overbevist om at det ikkje var slik alle plasser. Han var og glad for at han budde her og fekk oppleva denne støtta, som var svært god å ha i ein vanskeleg periode. Dette er svært viktige verdiar å ha for eit lokalsamfunn, og la oss fortsette å ta vare på slike verdiar.

Årsrekneskap og årsmelding

Årsrekneskap og årsmelding for Bokn kommune blei behandla i Kommunestyret 19/6. Rekneskapen viser eit netto driftsresultat på ca 4,5 mill. kr. og eit udisponert resultat på nesten 1,9 mill. Dette er svært bra samanlikna med mange andre kommuner og skuldast god drift og inntekter på ca 6,5 mill. frå Haugaland Kraft AS og eigedomsskatt frå Tysvær. Overskotet blei vedtatt brukt til finansiering av eigedomskjøp til industriformål i Føresvik.

Årsmeldinga gir ei svært god oversikt i drifta av Bokn kommune og viser at 2001 har vore eit svært aktivt år. Ei kortversjon av årsmeldinga er midtsidene i dette bladet, som interesserte kan riva ut.

Tiltak for funksjonshemma

Bokn kommune har over lang tid hatt tiltak for funksjonshemma, med dagtilbod og andre pleie og omsorgstilbod. Desse tilboda endrar seg i tillegg til at der er kommet nye forskrifter om at alle som krev langvarige og koordinerte tenester skal få utarbeidd ein individuell plan. Eit planutval har nå utarbeidd planar og kostnadsanalysar over tiltak som må gjennomførast. Kommunestyret har nå godkjent planane og lagt kostnadane inn i budsjett og økonomiplan. Det er Kommune-

styret sitt ønske at alle får eit best mulig liv og me håpar at iverksetting av dei planlagte tiltaka er med på å bidra til det.

Revidert budsjett

Kommunestyret hadde også oppe revidert budsjett for 2002 kor endelig finasiering av utbygging av industriområdet i Føresvik og utbygging av omsorgsbustader blei vedtatt. Etter desse utbyggingane, i tillegg til skuleutbygginga, får Bokn kommune ei svært høg gjeld så det må bli svært små investeringar i nokre år framover.

IKT-konsulent

Kommunestyret har også vedtatt å ansetta IKT- konsulent i 80% stilling til å passa på at alle datamaskinar og program fungerer som det skal i kommunen.

Sommarjobbar

Kommunen har også dette året, saman med næringslivet, tilbod til ungdom om sommarjobb. 14 stk har søkt og alle har fått jobb i 2 uker, nokre har også ordna seg sjølv.

Det er nå tid for sommarferie og eg ønske alle ein god og fortjent sommarferie.

GOD SOMMAR!

Svein Ove

 

Mai 2002

Hei!

Årets Forening 2001

Først vil eg gratulere Bokn Røde Kors for utnevnelsen Årets Røde Kors forening i

Rogaland 2001. Det er ein stor innsats dei legg ned for Bokn og Haugalandet. Me er stolte over å ha det frivillige arbeidet som lag og organisasjonar, med Bokn Røde Kors i spissen, legg ned på Bokn. Igjen tusen takk til alle som deltar.

Direkte ordførarval

Som kjent deltok Bokn i eit forsøk med direkte val av ordførar ved kommunevalet i 1999. Regjeringa har vedtatt å fortsette ordninga og helst utvide ordninga til å gjelde ca. 40 kommunar. Det var Kommunestyret sin oppfatning at ordninga blei godt mottatt av veljarane og har fungert bra. Bokn kommunestyre har derfor vedtatt å søke på ny for valet i 2003.

Omsorgsbustader

Kommunestyret har også vedtatt å bygge ut 9 omsorgsbustader, kor 3 av bustadene er tilrettelagde for funksjonshemma, sjølv om Bokn fekk tilskot til bygging av til saman 8 bustader frå staten. Staten dekker sjølvsagt ikkje heile kostnaden så Bokn kommune må dekke resten. Forventa oppstart er ved års- slutt og med ferdigstillelse neste år. Då vil Bokn ha eit svært godt tilbod til dei eldre samla rundt sjukeheimen, som blir ein meir rein senil dementavdeling.

Framtidig bruk av Boknatun

I og med utbygging av skulen, med bibliotek og auditorium, og omsorgsbustader, som opnar opp for bruk av tredje etasje på Boknatun, har Formannskapet bedt om ei sak om romprogram for ei framtidig bruk av Boknatun.

Lokal råderett/levedyktige rammevilkår

Sentralisering av Norge og verda foregår i stor fart. Bokn slit også med å få den veksten me må ha for å ha eit livskraftig samfunn her. Regjeringa har nå sagt at distriktspolitikken som er ført til nå er feilslått, og nærmast gir opp distriktspolitikken. Dei vil satse meir på å løysa problema i byar og sentrale stader. Me kan ikkje sitte roleg og sjå på at Rogaland Fylke, Fylkesmannen, regjering og Storting planlegg ei negativ utvikling for Bokn. Eg har tatt dette opp i Kommunestyret, som har gitt beskjed om å prioritere arbeidet for å kjempe for at Bokn skal få utnytte sine muligheter til etablering av næring og bustader ved å få lokal råderett over areal og ressurser som finst i kommunen, og at kommunane og næringslivet får levedyktige rammevilkår i distriktene.

Tippemidlar

Det er svært gledelig at Bokn idrettslag og kommunen har fått tippemidlar til klubbhus og Alvestad nærmiljøanlegg, trinn 3. Eg vil og retta ein stor takk til næringslivet som stiller opp. Dette gjer at Bokn får endå betre forhold for Idrettslaget og fysiske aktivitetar, som igjen fører til at Bokn blir ein endå betre plass å bu.

Svein Ove

 

April 2002

Hei!

Nestekjærleik

I den svært urolege verda me lever i så var det godt å lese innlegget frå småbarnsmora i forrige bygdablad om den støtte og hjelp ho hadde fått i ein vanskelig situasjon. Takk til dei som stilte opp, og la oss alle prøve å gjere det like godt.

Årsmøtet på skulen

Skulen prøvde for første gong å arrangere årsmøte for skulen. Foreldre, lærarar, politikarar og representantar for elevane fekk mykje informasjon om arbeidsmåtar, resultat, organisering og utvikling framover i skulen. Etterpå blei det diskusjon og spørsmål. Det er grunnleggande for resten av livet at barna/ungdommane lærer det dei skal på skulen, og då må skulen, foreldra og politikarane samarbeide på ein god måte for å lykkast. Eg synest dette var ein svært god måte å styrke informasjonen og samarbeidet om skulen på, og håpar dette vil bli tatt opp igjen neste år.

Når det gjeld skuleutbygginga så går den stort sett etter planen, med ombygging av eksisterande bygg i skuleferien og ferdigstilling av nybygg utover hausten.

Prosjekt i seksjon teknisk

Vannledningen er lagt til Våga og mange har allerede knytta seg på og fått kommunalt vatn.

Kloakkledningen er og ferdig lagt i Alvestadkroken, kor og mange har knytta seg til.

Den endelige avslutninga og oppryddinga vil bli gjort. Prosjekta har gått etter planen og eg vil retta ein takk til Egil, Arild og Hans Erik i teknisk, entrepenør og grunneigarar for samarbeidet og godt resultat. Uten dette samarbeidet hadde prosjekta blitt mykje dyrare og kanskje ikkje gjennomførte.

Varierte og svært gode tilbod

Eg har i år også deltatt på fleire årsmøter til frivillige lag og organisasjonar for å få eit innblikk i kva dei driv med og utfordringar dei har. Besøka har styrka oppfatninga at Bokn har eit variert og svært godt tilbod. Tusen takk til alle dykk som stiller opp, og eg vil gjere det eg kan for at kommunen støttar opp om arbeidet dykkar på beste måten.

Svein Ove

 

Mars 2002

Hei!

Likningskontoret

Som sikkert mange veit så har likningssjef Gaute Kro slutta på Bokn. Det er endå eit tap av arbeidsplassar og statleg service. Det er derfor frustrerande at staten heile tida seier at dei skal sette brukarane og service i sentrum, for deretter å gjere det motsatte. Eg vil nytte anledningen til å takke Gaute for den innsats og service han har ytt oss. Han har gjort mykje meir en me kunne forvente. Kunne me berre få den same hjelpa i ettertid?

Bokn kommune og likningskontoret har diskusjon om ein avtale som inneber at det vil bli folk på Bokn under innlevering av sjølvmeldinga, utlegging av skatten og når skattekorta blir utskrivne. Ellers vil Servicetorget kunne hjelpe til med enkelte ting. Me vil på sikt prøve få til ordningar som gjer at Servicetorget kan utføre oppgåver direkte. Korleis dette blir og kva tid vil ein opplyse om etter kvart som det blir klart.

Barn, ungdom og ”MOT”

Bokn har som eit satsingsområde barn og ungdom. Her set me fokus på gode og trygge oppvekstmiljø på Bokn. Korleis få dei unge til å trivast på Bokn, slik kan dei også velger å etablere seg på Bokn når tida er inne for det. Det har nå vore ein stor oppfiksing av Kyrkjebygd aktivitetshus og kommunestyret vil ha møte der 20/3 for å bli vist rundt og informert om ungdomsarbeidet. Kommunestyret vil og ta avgjerd om Bokn skal bli ein "MOT" kommune. "MOT" skal skape varme og trygge oppvekstvilkår for barn og unge ved bruk av forbilder, frivillige, lag og organisasjonar, skulen og foreldre. Ved å fokusere på å vere tilstades, involvere, vise kjærlighet og respekt, gi ros, vise følelser og sette seg mål håper ein at barn og unge får ein trygg oppvekst

"MOT" blei starta av toppidrettsutøvere for å arbeida mot narkotika. Det er Politibetjent Frans Gisle Hansen som er primus motor i "MOT". La oss alle ta dette alvorlig slik at me ungår at nokon havnar utanfor og får problem.

Nestekjærleik

Dei problema me har er små i forhold til dei som opplever krig og uro. Men for den vennen, naboen eller familiemedlemmet som har eit problem i det daglige er det vanskeleg nok.

Hvis me alle kunne sagt at me skal gå på besøk, stille opp, gjerne ta eit tak, så viser me at me bryr oss og set pris på vennskap. Eg trur då at kvar av oss og samfunnet på Bokn vil bli rikare.

La oss gjer Bokn til ein inkluderande og trygg kommune å bu i.

Svein Ove

 

Februar 2002

Godt nytt år!

År 2002 har komme godt i gong og eg håpar alle har hatt ei fin jule- og nyttårsfeiring. Også nyttårsaften 2001 var det gudstjeneste med etterfølgande tale av undertegna. Det hadde vært fint om dette kunne blitt ein tradisjon, men då må fleire møte opp.

Friluftsliv

I 2001 har der vært 1.626 stk  på Boknafjellet, det er litt fleire enn i 2000. Ingrid Jøsang fra Bokn og Torben Sielatt frå Herzon i Tyskland får krus. Kan nokon hjelpe meg med adressa til Torben Sielatt? Det er fint at så mange tar ein tur på fjellet. Me vil i år prøve å lage til fleire slike punkt på Bokn som folk kan gå til. Ein blir då kjent på Bokn, ein får litt mosjon og frisk luft.

Bokn Plast AS

Bokn Plast AS og Bokn kommune har forhandla fram ein avtale, som inneber at Bokn Plast AS etabler seg med ny produksjonshall på det regulerte industriområdet sør for bebyggelsen i Føresvik. Bokn kommune bidrar med erverving av grunn og opparbeiding av industriområdet, og Bokn Plast As vil bygsle 5-6000 kvadrat. Tiltaket inneber også at der blir lagt ny veg fra fylkesvegen og ned til området, ikkje langs sjøen frå eksisterande industriområde.

Det er og ein intensjon i avtalen om å flytte all produksjon frå nåverande område i Føresvik til dette nye industriområdet, på visse vilkår, med tida. Eg er glad for at Bokn Plast AS, grunneigarar og Bokn kommune saman har klart å få til

denne løysinga.

Sentrum

Eg trur at dette er ein svært god løysing for dei aller fleste innbyggerane i Føresvik og Bokn Plast får eit område med mulighet for utvikling. Me får løyst problemet rundt plassering av Bokn Plast, som har vært ett tema siden 70-åra, og me kan få ein betre utvikling av Føresvik som sentrum. Eg håpar og trur at dette er starten på ein god utvikling for Bokn Plast AS og dermed for Bokn. Endelig behandling i Kommunestyret 6/2 -02.

Bokn Idrettslag sitt klubbhus

Bokn Idrettslag har planer om å bygge klubbhus, og Formannskapet har foreslått for

Kommunestyret å  bevilge kr. 600.000,- , samt å gi forskudd på kr. 563.000,-  i spelemidlar.

Dette gjer at arbeidet kan starte opp i vår og at Idrettslaget får eit etterlengta klubbhus. Eg trur at dette vil bety ein ny giv og auka aktivitet i idrettslaget. Det er svært viktig for Bokn at me har eit aktivt idrettslag og eg oppfordrer alle til å delta i dugnad eller bidra på annen måte for å gi ett godt tilbud til oss på Bokn.

Farleg kryss

Før jul hadde me ei tragisk trafikkulykke på Bokn ved påkøyringa til E 39. Bokn kommune har lenge påpekt dette farlige krysset for vegvesenet og i forslag til reguleringsplan for Knarholmen, som Kommunestyret skal behandla 6/2, er ny påkjørsel regulert. Vegvesenet har ikkje midlar til å utbetre krysset nå, men me vil arbeide for å få dette gjort, seinast med etablering av "Rogfast".

Vegnett

Ellers når det gjeld "Rogfast" køyrer nå Karmøy sitt eige løp, noko som gjer at det blir svært vanskelig å få til noko samla trykk frå Haugalandet om å få til ein utbedring av eksisterande vegnettet i "Rogfast"-pakka. Alle vesentlige ting er utreda grundig nok til å avgjere om kva for eit alternativ som skal konsekvensutredast. Det er berre alternativet over Bokn som er samfunnsøkonomisk forsvarlig, og det er mi klare oppfatning at dette alternativet må velgast.

Dette er også klart det beste for utviklinga av Bokn. Tenk for ein utkant Bokn blir utan.

Kommunestyret skal avgi uttale innan 20/3.

Svein Ove