Ordføraren har ordet, år 2003

 Svein Ove Alvestad:

Desember 2003

Hei alle saman!

Først til ein stor og god nyhet:

Arbeidet med å få etablering i Haugaland næringspark ser ut til å gi resultat i og med at det er inngått intensjonsavtale mellom tre partar som vil ta ut gass og skipe den til Austlandet og Sverige. Dette vil medføre at ein ”tar hol” på nærings-parken med å gjere gassen tilgjengeleg i næringsparken, samt at infrastruktur som veg, vatn, kai osv. blir utbygd.

Det er stor sansynlighet for at et gassøvingssenter vil bli etablert som ein konsekvens av gassutskipningsprosjektet.

Næringsparken vil også ved ei slik etablering kunne tilby andre mulege etablerarar Europas beste gasspris og vil derfor vere svært konkurransedyktig ved potensielle industrietableringar som treng gass. I første omgang blir det ikkje snakk om så svært mange arbeidsplassar, men mulighetene er store. Håper det lykkast å etablere ein stor og god næringspark med mange og trygge arbeidsplassar.

Budsjettet

Som eg skreiv tidlegare så såg det ut til at budsjettet blei stramt, men gjekk i hop. Etter forliket mellom regjeringa og arbeidarpartiet fekk Bokn 379 000,- meir enn rådmannen hadde lagt inn i budsjettet, noko som var svært gledelig. Formannskapet diskuterte kva me skulle satse på og skulen fekk 100 000,- til kvalitet og utviklingsarbeid, bibliotekstillinga blei utvida, ungdomsarbeidar i 25% stilling, 80% fast stilling som IKT-ansvarlig, avtale om kart og oppmålingstenester frå Tysvær og nokre små innsparingar og flytting på budsjettet.

Etter formannskapetsmøtet får me så melding frå Tysvær om at Statoil Kårstø har korrigert anslag for eigedomsskatten for 2004 ned. Dette betyr at Bokn ikkje får auke i eigedomsskatten som me hadde lagt inn i budsjettet, over 400 000,- mindre.

Dette betyr at det blir ein ny runde om budsjettet før kommunestyret og eg kan seie kva som blir konsekvensen, men det er vel rimelig klart at me ikkje kan sette i gong alle desse nye tiltaka. Kommunestyre skal ha den endelige behandlinga etter eg skriv dette så eg må komme tilbake til kva det endelege budsjettet blir i neste nummer.

Kommuneplan for idrett og friluftsliv skal rullerast og den prioriterer skytebane, ballbinge i Hålandsjøen, ridehall og nærmiljøanlegg i Føresvik. Desse anlegga kan då søke om spelemidlar og det er skytebanen som har komme lengst i planlegginga.

Ellers vil ein prøve å få utbygd turstiar saman med friluftsrådet og ferdigstilling av småbåthavn i Hålandsjøen.

Med dette vil eg takke alle for året som har gått og ønske alle ei fredfull og God Jul og eit trygt og Godt Nytt År.

Svein Ove

 

November 2003

Hei!

Nye omsorgsbustader

I desse dagar flyttar dei som fekk plass i dei nye omsorgsbustadene inn. Eg har vore ein runde og sett og det blir eit svært fint tilbud, med fine gode rom og felles dagligstue. Det er heller ingen ting å utsetta på utsikten, spesielt frå stua. Eg trur me kan seie at Bokn har eit av dei beste tilbuda til eldre i Rogaland. Eg vil ønske lykke til med bruken og håper at alle vil trivast.

Me arbeider med ei offisiell opning av omsorgsbustadene og håpar på fint besøk. Eg vil komme tilbake til tid og kva me får til.

Politireforma

Etter ei roleg tid i det regionale arbeidet begynner nå ting å røre på seg igjen. Som de sikkert har sett så står politi- og lensmannsetaten foran ei ny om-organisering. Der er to alternativ ute til høyring.

Alternativ 1 går ut på å slå saman Haugesund politistasjon, Sveio og Tysvær lensmanndistrikt til ei ny eining. Det vil bli ein tjenestestad i Aksdal.

Formannskapet ønsker ikkje denne løysinga p.g.a. mindre lokalkunnskaper og mindre politi synleg på Bokn. Nærheten til politiet blir mindre og det førebyggande arbeidet blir redusert. Det vil nok vere ein styrke for problema Haugesund strir med.

Alternativ 2 går ut på å slå saman Tysvær og Sveio lensmannsdistrikt. I dag har dei eit samarbeid og det er eit alternativ som betre vil ivareta førebyggande arbeid og eit synleg politi gjennom betre lokalkunnskap og nærhet til publikum. Formannskapet går inn for dette alternativet og eg vil arbeide saman med Tysvær for å få denne løysinga.

Busetting

I den seinare tid har der vore mange hus til salgs på Bokn og eg er svært glad for at mange unge med familie har kjøp bustad og velger å bli buande på Bokn. Dei som kjem utanfrå ønsker eg velkommen til Bokn og håpar dei vil trivast her. Er det noko eg eller kommunen kan hjelpe til med er det berre å ta kontakt, og me som innbyggarar, venner eller naboar må ta godt i mot alle nye innbyggarar.

Eg tar det som et teikn på at Bokn har gode kvalitetar som bukommune og er eit alternativ for å etablera seg. Det set me pris på og eg vil gjere det eg kan for at Bokn fortsatt skal vere ein varm og trygg stad å bu med tru på framtida.

Svein Ove

 

Oktober 2003

Først vil eg takke for tilliten de gav meg ved valet. Eg vil fortsette å gjera ein best mulig jobb for dykk som innbyggjarar og for at Bokn skal få ei god utvikling.

Politiske utval

Bokn vil nå ha berre formannskap og forvaltningsstyre med 7 medlemmer kvar. Eg trur dette blir ein effektiv og god måte å drive den politiske delen av kommunen. Ikkje nøl med å ta kontakt med oss.

Det nye kommunestyret består av 9 nye representantar og 8 som blei gjenvalt. Eg vil takke dei som har gått ut av kommunestyret for samarbeidet og ønska dei nye velkomne.

Det nye formannskapet har alt hatt møte og bevilga 340,- til å fikse vegar og stikkrenner etter alt regnet og 8,- til TV-aksjonen.

Kystkultur

Skulen har hatt kystkultur som tema (sjå eigen art. i bladet) i ei veke og vore på sjøen å fiska, laga fiskemat, laga fiskeredskaper og mykje anna. Etterpå blei mat og utstyr selt, noko som innbrakte 15,- som blei gitt til TV-aksjonen. Dette var kjempebra og eg takker alle for innsatsen og bidraget til årets TV aksjon.

Bustadfelt

Kommunen og Erling Sæbø har inngått avtale om utbygging av bustadfelt i Føresvik. Feltet vil nå bli prosjektert og anbud innhenta før sjølve byggemodninga kan skje. Det er viktig å kunne tilby varierte tomter i kommunen, og gjennom denne avtalen vil nå svært sentrale tomter i Føresvik bli tilgjengelig.

Fylkesvegane

Me har i lang tid arbeiddt for å få utbetra fylkesvegane på Bokn. Me har nå fått til eit samarbeid mellom kommunen, vegvesenet og private aktørar for å få til utbetring på vegen til Kro og på vegen frå E 39 til Føresvik. Det blir først og fremst nye møteplassar.

Budsjett 2004

Regjeringa har lagt fram forslag til stats-budsjett med kommuneøkonomien og det inneber at Bokn ikkje får noko særleg reell auke i sine inntekter. Me tapar litt på omlegging i inntektssystemet til kommunane, og det vil bli eit svært stramt budsjett for Bokn, kor det vil bli ei utfordring å oppretthalda dagens drift i kommunen.

Kommunestyret skal ha sitt budsjettmøte den 17/12 og eg vil komme tilbake med meir informasjon om kva budsjettet for 2004 til Bokn kommune vil medføre seinare.

Fiskerimiljøet

Som fleire veit så har me fått 2 nye fiskebåtar til Bokn, ved utskifting av ”Håflu” og ”Solholm” og eg vil gratulera med nye båtar. Eg er glad for at dei satsar på ny og ser ei framtid i fiskeria. Dette er med på styrka fiskerimiljøet på Bokn som er viktig for oss. For at dei skal få gode vilkår for drift i Bokn må kommunen bidra til at dei får gode hamne- muligheiter og då kan ei utvikling i Knarholmen bli aktuell.

Det blir nå og arbeidet med å få etablert ein mekanisk verkstad i Knarholmen, i første omgang midlertidleg på ein lekter. Det kan nå endelig sjå ut til at der kan bli eterlengta auke i aktiviteten i Knarholmen,. Det er eg svært glad for og eg håpar me lykkast i å få eit rikt og godt næringsliv i Knarholmen.

Svein Ove

 

September 2003

Foreldrebetalinga i barnehagen

Som eg skreiv i sist nummer skulle eg komme tilbake til foreldrebetaling i barnehagen. Formannskapet har innstilt til kommunestyret om at foreldrebetalinga blir sett ned til 2 500,- kr pr.mnd. for heildagsplass 5 dagar i veka, i tråd med regjering og Stortinget si forutsetting.

Med all sannsynlighet vil kommunestyret vedta dei nye satsane og dei vil gjelde frå september -03, før fristen til regjeringa, som er 1. april 2004.

Omsorgsbustader

Bygginga av nye omsorgsbustader går bra, litt etter planen, og vil vera klare til bruk i november-03. Formannskapet har innstilt på nye husleigesatsar i omsorgsbustadene frå kr. 3 500,- til 4 600,- kr alt etter storleik og om det er nye eller gamle leiligheter.

Fylkesdelplan for Haugalandet

Ei anna stor og viktig sak som kommunestyret skal uttale seg om er fylkesdelplan for Haugalandet. Planen vil bli retningsgivande for kommunal og statleg planlegging samt sikre interkommunal samordning. Det er derfor svært viktig at me får ein plan som sikrar ei god utvikling av Bokn. Planen legg opp til, etter mi og formannskapet si meining, for sterk sentralisering med strenge krav til lokalisering av bustader og næring, t.d. mulighet for kollektiv transport, ikkje bruk av bil og høg arealutnytting.

Spredt bustadbygging blir svært vanskelig. Altså høg befolkningskonsentrasjonar, noko Bokn vil ha problem med å få.

I forslag til vedtak vil formannskapet ta bort nokre retningslinjer som styrer etableringar mot sentrale strøk og gi større mulighet for spredt bustadbygging i distrikta. Formann-skapet vil og endre på retningslinjene som beskriver antall bustader pr. da., slik at me får mulighet til å tilby store bustadtomter. Tiltak for å møte distrikta sine utfordringar er ei mangelvare i planen og burde vore tatt meir på alvor.

Bompengar

Ei anna stor sak er utfordringar og kostbare utbyggingar på samferdselssektoren som regionen står framfor, samstundes som det er store gap mellom behov og det ein kan for-vente å få finansiert frå staten. Skal Haugalandet følge med i utviklinga og vere ein foretrukke plass for etableringar må me ha eit godt utbygget vegnett. Det er eit faktum at staten ikkje bevilgar nok penger til den veg-utbygginga som me må få til.

Eg er då på jakt for å finne løysningar på dei problema me har på samferdselssektoren og då kan det synast som bompenger kan vere ei løysing. Så framt at regionen står bak og at alle kommunane får utbyggingar kan eg vere med på å akseptere bompenger.

Formannskapet var enstemming på dette og kommunestyre vil avgi den endelege høyringa.

Dette kan vere det siste innlegget eg har, sidan neste bygdablad ikkje kjem ut før etter valet. Eg vil derfor takke for meg for denne perioden, og håper at de har vore fornøgd med meg som ordførar. Noko kunne eg heilt sikkert gjort betre, men eg har gjort mitt beste for dykk og Bokn.

Til slutt vil eg gjenta oppfordringen om å bruke stemmeretten 15/9.

Godt val!

Svein Ove

 

August 2003

Vel overstått sommarferie og eg håpar alle har hatt ein god ferie. Beklager at eg ikkje fekk tid til å skrive noko i forrige nr. av Bygdabladet, men eg får komme sterkare tilbake nå.

Tenesteyting og utgiftsreduksjon

Kommunestyret har behandla regnskap for 2002 og revidert budsjett for 2003. Administrasjonen har hatt ein god prosess med gjennomgang av drifta saman med dei tilsette sine representantar. Det var eit mål å prioritere tjenesteyting til innbyggarane og redusere utgiftsnivået på driftssida med ca. 0,5 mill. kr.

Gjennom overføring av ressurser frå administrasjon til teneste innan helse, sosial og kultur, inndragning av lønsmidlar, reduksjon av vaktar og vikarar, sal av aksjer og udisponert overskot er det avsett ca. 1,5 mill kroner til disposisjonfond og tilleggsløyvingar. Eg håpar og trur at me som innbyggarar ikkje vil merke  endringane noko særleg. Eg vil og rette ein takk til dei tilsette som er med å brette opp armane og tar fatt i dei utfordringane me har.

Delar av innsparinga skal brukast til sommarjobb for ungdom, vedlikehald av kommunale bygg, avsette midlar til nytt UV anlegg på vannverket og vedlikehald/oljegrusing av kommunale vegar.

Det er og sett ned ei gruppe som skal planlegge nærmiljø og uteareala ved skulen, klubbhuset, barnehagen og Boknatun for å få eit heilhetleg og brukarvennleg område.

Ekspansjon og foreldrebetaling i barnehagen

Barnehagen har fått stor søknad om plassar og kommunestyret har derfor vedtatt å auke stillingshjemmelen med 0,28% frå 01.08.03 og med ytterligare 1,25% frå 01.01.04 for at alle som søker skal få plass.

Når det er klart kva kommunen får i ekstra- midlar til drift av barnehagen vil me sjå på reduksjon av foreldrebetalinga som Storting og regjering har vedtatt.

Skulenybygget

Byggerekneskapet for utviding/nybygg på skulen og biblioteket viser ubrukte midlar på 144. 000,- av ei ramme på 16 mill. kr. Ubrukte midlar blei vedtatt brukt til støvav trekk, benker og bord ute, hyller på biblioteket og IKT-utstyr.

Båtplassar

Det har vore eit prioritert arbeid å få til båtplassar i Bokn. I og med at arbeidet med molo og småbåthavn i Hålandsjøen, av ulike årsaker, ikkje er komme så langt som me håpa på, har Bokn Båtforening og Bokn Kommune(kystverket) inngått ein avtale om etablering av ei midlertidig småbåthavn i Knarholmen for å løyse problem med båtplassar nå, og med ein intensjon om på sikt å etablera ei småbåthavn i Hålandsjøen. Kommunen vil ta seg leige for bruk av områda i Knarholmen og leiga vil gå til å forbedra forholda for småbåtar i Bokn.

Avtalen inneber og at fast bruk av kommunal kai for småbåter ikkje kan skje, då kaiane er gjestekaiar og forbeholdt besøkande, og det vil bli plass i Knarholmen. Gjestekaiane vil få skilting og ei oppgradering.

Val

Det nærmar seg kommuneval og Bokn skal også ved dette valet ha direkte val på ordførar. Ved dette valet er det to ordførarkandidatar, undertegna og Kleng Våga, som stiller. Det er og dei vanlege partia, Høyre, Senterpartiet, Arbeiderpartiet og Kristeleg Folkeparti, som stiller liste med mange dyktige kandidatar. Det er viktig for demokratiet og representasjonen at flest mulig deltar, og eg oppfordrar alle til å bruke stemmeretten på valdagen.

 

Mai 2003

Hei!

Taxi

Me har alle savna ein Taxi på Bokn og kommunen har arbeidd med å få til ei ordning. Det har me nå lykkast med og Dag Rasmussen, som bur i Føresvik, vil starte opp med køyring gjennom Haugaland Taxi så snart det formelle rundt løyvet er på plass.

Bokn Fiskemottak

For å sikre vidare drift på Bokn Fiskemottak AS har Bokn kommune kjøpt driftsbygningen av bedrifta. Avtalen er og bunde opp mot ein leieavtale mellom Bokn kommune og Bokn Fiskemottak AS kor kommunen får dekka sine kostnader med kjøpet. Tidlegare eigarar og nokre ansatte har og gått inn med kapital, samt at SR-Bank held fram med sitt engasjement i verksemda. Det er svært viktig for dei tilsette på bedrifta og Bokn som samfunn, å opprettholde arbeidsplassen. Det som er gjort vil styrke verksemda og ho vil stå godt rusta for å møte framtida.

Saum og sying

Formannskapet har og gitt tilskot og lån til Elin Johnsen i samband med etablering av næringsverksemd innan saum og sying. Det vil bli høve for å få seg sydd bl.a. bunad og kjøpe stoff av Elin.

Alvestadkroken Landhandel

Eg er svært glad for at Per Våge og Siv Overå har satsa på å drive butikk i Alvestadkroken. Det er viktig for miljøet og livet i Alvestadkroken og på Bokn at butikken er open.

Krovågen hestesenter

Eg vil og nevne ridesenteret til Kari Christensen i Kro som og har fått støtte av kommunen. Ho har nå stor pågang til rideskule og ridekurs, og håpar at det på sikt kan byggjast ut og bli eit levebrød.

Austre Bokn Handelslag

Det er alltid trist når noko må leggast ned, men det var ikkje lengre liv laga for Austre Bokn Handelslag. Eivind Øvrebø og Ingunn Våge, og andre før dei, har tent folket på Austre Bokn lenge, og eg vil takke dei for lang og tru teneste for Handelslaget og austreboknarane. Ein stor del av innbyggarane på Austre Bokn har gått saman om å overta bygget, og vil arbeide for å få ny aktivitet saman med kommunen.

 Bokn Bygdeservice

Til slutt vil eg nevne Bokn Bygdeservice, som er etablert i samarbeid med Tysvær Bygdeservice. Dei vil kunne utføre praktisk hjelp til alle på Bokn. Det er svært viktig og positivt at me har folk som vil og tør satse på å skape sin eigen arbeidsplass.

Det kan gi grunnlag for fleire arbeidsplassar, og det er avgjerende for utviklinga på Bokn at der er arbeidsplassar her og at ikkje alle må pendle. Servicegraden på Bokn aukar og Bokn blir ein endå betre plass å bu.

Eg vil ønske alle lykke til og oppfordre alle til å benytte seg av dei tilboda me har på Bokn.

17. mai

Det vil også i år bli ei tradisjonell 17. mai-feiring på Bokn, og eg vil oppfordre flest mulig til å delta i toget og aktivitetene. Sjå program for dagen s. 13 og 14. Vel møtt til ein fin feiring av nasjonaldagen.

Svein Ove

 

April 2003

Hei

Krigen i Irak opptar vel alle og det er beklageleg at dei ikkje blei einige i FN om korleis ein skal få Saddam Hussein under kontroll og opprette levelige vilkår for folket i Irak. Får håpe at krigen blir kort uten for store menneskelige lidingar.

Me må vere glade for at me lever i ein så fredelig del av verda og har det så godt som me har det.

Folketalet

Så over til lokale forhold på Bokn som er av ein heilt annen karakter enn dei problema ein har i Irak.

Folketalet på Bokn har stagnert etter ein tilbakegang i 2001 og er pr. 01.01.03 på 765 stk. Utviklinga framover ser positiv ut med fleire fødslar og 11 hus som skal byggast, noko som er meir enn på lenge. Der er og folk innom kommunen som har Bokn som alternativ for etablering .

Markedsføring av Bokn som alternativ for etablering må fortsette, forholda må leggast godt til rette for fleire arbeidsplassar på Bokn eller i nærleiken og dei kommunale tilbuda må vere gode. Det er og svært viktig at alle som kan bidrar til at arbeidsplassar kan utviklast og at nye boknerar føler seg heime og trivst på Bokn.

Straumen

Torsdag 27. mars skal Kommunestyret behandla reguleringsplan for bustadfelt i Straumen. Dette har lenge vore på tale. Nå er det endelig på plass og det er berre å håpe at det blir utbygging  av nokre tomter, slik at Straumen igjen kan få eit miljø for yngre familiar.

Medspelarar

Me opplever ofte at Fylkesmannen og Fylkeskommunen ikkje er medspelarar for å få den utviklinga me vil ha på Bokn. Dette har me tatt opp med Fylkesmannen, som eg har nemnt i tidlegare nummer av Bygdabladet.

Nå står Fylkeskommunen for tur og ordførar og rådmann skal ha møte med næringsavdelinga for å drøfte korleis Bokn si rolle blir i Fylkeskommunen sitt utviklingsprogram. Bokn er frå 1998 ikkje med i det distriktspolitiske verkemiddelapparatet og Bokn har høgaste sats for arbeidsgjevaravgift. Det betyr at me ikkje får støtte og hjelp frå stat eller fylke til utviklingsarbeidet vårt.

Fylkeskommunane har nå fått meir ansvar for lokal utvikling og har som hovudarbeidsområde å vere ein regional utviklingsaktør. Det blir derfor svært viktig at Bokn blir ein del av Rogaland Fylkeskommune sitt utviklingsprogram, slik at me kan få hjelp til arbeidet vårt og næringslivet kan nytta seg av ordningar som finst.

Svein Ove

 

Mars 2003

Rogfast

Vegkontoret og kommunen holdt informasjonsmøte om "Rogfast" 4/2, kor konsekvensutredninga vart presentert og diskutert. 25 - 30 stk var møtt fram, noko som viser at det ikkje er like stort engasjement nå som då fastlandsforbindelsen var aktuell. Eg trur at "Rogfast" blir svært viktig for utviklinga på Haugalandet, i Rogaland, og dermed også svært viktig for Bokn. Fylket blir knytt mykje betre saman, Boknafjorden vil ikkje skilja som før. Det vil føra til store utfordringar for Haugalandet, for eksempel innan havn og flyplass. Men "Rogfast" vil også bety store muligheter for Haugalandet, og vil ta del i utviklinga som skjer rundt Stavanger. Rogaland blir eit felles bu og arbeidsmarked.

For Bokn vil "Rogfast" bety tap av fleire arbeidsplassar på ferjene og på land. Det er beklageleg og me må jobbe for å finne alternativ, for eksempel bomstasjon på Bokn. Kommunestyret skal gje uttale til konsekvensutredninga og vil då vera opptatt av sikkerhet og beredskap i tunnelen og på vegen over Bokn. Kryssutbetring på E39, gang og sykkelsti langs E39, støy skjerming og forureining tas opp.

Bygging av tunnelen vil føra til at store mengder masse skal tas ut. Bokn kommune føresett at det blir utarbeidd ein avtale mellom vegkontoret og kommunen for å ivareta kommunen, næringslivet og innbyggjarane sine interesser når det gjeld å nytta massen på ein samfunnsmessig god måte. Her er det viktig at alle gode idear kjem fram og at forslaga kjem med i reguleringsplanar. Slik at alt er klart til arbeidet byrjar. Det er og sagt i uttalen at tunnelpåhogg på Are må fylgja alternativ A, rett sør-vest for oppstillingsplassen.

Museumsamarbeid    

Formannskapet har vedteke, med råd fra museumsstyre, å inngå forhandlingar om samarbeid mellom kommunen og Karmsund folkemuseum om drift av Bokn bygdemuseum. Samarbeidet inneber at Karmsund folkemuseum overtar forvaltning, vedlikehald, oppbevaring og katalogisering av samlinga. Kommunen vil framleis ha eigendomsretten og samlinga skal presenterast i kommunen. Staten yter bidrag, saman med kommunen og Karmsund folkemuseum til den økonomiske drifta. Målet er å sikra stabil og forsvarleg drift av bygdemuseet.

Taxi på Bokn

Det har vore problematisk å vera utan taxi på Bokn og me har jobba med å få til ei ordning. Ingen søkte på det ledige løyvet. Då tok eg initiativ til eit møte for å sjå om nokon kunne gå saman for å få dette til. På møte den 11/2 var det nokre som var interessert i å driva taxi på Bokn. Dei vil, saman med kommunen og Haugaland Billag arbeida vidare med saka med sikte på å starta opp taxi på Bokn. Me får alle håpa at dette arbeidet lykkast.

Ungdomskort på kystbussen

Til slutt vil eg nevna at det lykkast å få fortsetja med ordninga med ungdomskort på kystbussen etter at kystbussen nekta bruk frå 1. februar. Etter telefonar og brev til Rogaland fylke og politikarar i fylket, fortsatte ordninga fram til mai. Innan den tid skal det gjennomførast skikkelege forhandlingar om ei permanent ordning og eg vil stå på for at ungdommen på Bokn også i framtida skal ha eit tilbod for bruk av ungdomskortet.

Svein Ove

 

Februar 2003

Godt nytt år alle saman!

År 2003 har komme godt i gong og eg håpar alle har hatt ei fin jule- og nyttårsfeiring. Også nyttårsafta 2002 var det gudstjeneste med etterfylgjande tale av underteikna. Det har blitt ei fin avslutning på det gamle året, og start på det nye året. Ein tradisjon som eg håpar mange vil delta på.

Tur på fjellet

I 2002 har det vore 1621 personar på Boknafjellet, mot 1626 i 2001. Oddrunn H. Nilssen fra Bokn og Thor Atle Askeland frå Haugesund får krus. Det er fint at så mange tar ein tur på fjellet.

Kommunen arbeider saman med idrettslaget og turlaget om å få til eit opplegg med fleire slike punkt på Bokn som folk kan gå til. Ein blir då kjend på Bokn, ein får litt mosjon og frisk luft.

Budsjettet

Kommunestyret behandla budsjett for 2003 i møte 18/12. Der vart det gjort eit samrøystes vedtak på at budsjettet må ha eit overskudd eller udisponert resultat på 500 000,-.

Formannskapet skal vera styringsgruppe for arbeidet med ein gjennomgang av administrative rutiner for å oppnå ein mest mulig effektiv drift. Teneste og service ovanfor innbyggjerane skal skjermast i størst mulig grad. I arbeidet med revidert budsjett skal det også vurderast om sommarjobb tilbod for ungdom, vedlikehald av bygg og vegar og utviklingsarbeid kan oppretthaldast eller styrkast. Når det gjeld avgiftene, vart det vedtatt at vatn og kloakkavgifta skal aukast med 10%. Det same skal barnehage satsene auke, medan SFO skal aukast med 25%.

Samarbeid

Kommunestyret vedtok elles å fortsetja med barnevern samarbeid på Haugalandet, og om mulig få eit felles interkommunalt barnevern. Dette er eit område som dessverre krev større og større resursar og det krev fagleg kompetanse på mange felt. Det vil små kommunar som Bokn slite med og me ønsker difor eit samarbeid om dette. Det er ei svært dårleg utvikling at fleire og fleire barn får problem. Difor er det svært viktig at alle følger opp, deltar og hjelper til i barn og unge sin kvardag. Kommunen prioriterer arbeidet med barn og unge gjennom bl.a. å leggja til rette for fritidsaktiviteter og satsing på skulen. 

Vegutbetring på Haugalandet

Som de har sett i Haugesunds Avis så er det ein diskusjon om det skal innførast ekstraordinær finansiering for vegutbetring på Haugalandet. Styrings-gruppa for transportplan for Haugalandet har bede om to alternative planar. Ein utan ekstraordinær finansiering og ein med ekstraordinær finansiering.I tillegg har styringsgruppa bede om at det blir utreda to alternativ for ekstraordinær finansiering, bompengar og bensinavgift.

Det er enda for tidleg å ta endeleg standpunkt til det eine eller andre. Men eg ser ikkje at det blir noko utbetring av vegnettet utan ekstraordinær finansiering. Til det er og blir statlege midlar for små og regionen er avhengig av gode kommunikasjonsmuligheter for å bli attraktiv for næringslivet og som buplass.

Eg trur at me på Bokn er best tente med bompenger, sjølv om det er dyrare i innkrevjing.

Det vil ikkje bli så dyrt for pendlerar, som det er mange av på Bokn og Haugalandet. Det er ein betre ordning for distrikta som er avhengig av bilen og ikkje har kollektivtransport som eit alternativ. Det blir ein meir rettferdig ordning slik eg ser det. Det er også viktig i ein slik pakke med ekstraordinær finansiering at alle kommunane får utbedring av vegnettet i sin kommune. Dei som bidrar må få noko att.

Dette er ei sak som nok kjem til å bli meir diskutert, og kommunestyret og andre vil få uttala seg om etter kvart.

Svein Ove