Kyrre Lindanger:
Desember 2007
Kjære sambygding
Kvart år etterspør fleire kalender med motiv frå Bokn, og med denne utgåva av Bygdabladet ligg det vedlagt ein slik kalender – ”Boknakalendaren 2008”.
Kalendaren er ei gåve til alle abonnentane våre og inneheld både nye og gamle motiv frå Bokn, med litt tekst knytt til kvart motiv. Kalendaren ligg også for sal på servicetorget. Ein har eit ynskje om å gje ut ein slik kalender kvart år, til glede for alle som har ei tilkytning til, eller forhold til, kommunen. Utfordringa til alle lesarane våre er å bidra med bileter til 2009-kalendaren. Det er nok av flotte motiv å velga frå kommunen vår, og ein står fritt til å knipsa det ein måtte ynskja.
Budsjett
Desember er budsjett-månaden i dei fleste kommunar, og kommunestyret i Bokn handsama og vedtok budsjett for 2008 tysdag 18.12.07. Budsjettet som er vedteke er stramt, det er m.a. ikkje lagt opp til større investeringsprosjekt i 2007, dette som fylgje av at kommunen har høg lånegjeld, om lag 42 millionar kroner per oktober 07. Det er løyvt midler m.a. til utviding av barnehagekapasiteten, oppstart av bygdeboka og til gjennomføring av IKT-planen for skulen, for å nemna noko.
I forhold til budsjett for 2007 er auken i frie inntekter for Bokn i 2008 berekna til om lag 2,4 millionar kroner, eller om lag 6,9 %. Til samanlikning er den samla, nominelle veksten for dei andre Rogalands-kommunane 4,2 %.
Kriminalstatistikk
Formannskapet hadde besøk av den nye politimeistaren i distriktet, Kaare Songstad, tysdag 11.12.07. Han har fungert som politimeister i om lag eitt år og har i haust besøkt alle kommunane i politidistriktet. Saman med lensmannen i Tysvær, Racin Tjøsvoll og politistasjonssjef Johan Sortland, ga han ei orientering om kriminalitetsbiletet i Bokn.
I løpet av 2007 blei det registrert 45 kriminelle forhold i kommunen, halvparten av desse var trafikklovbrot, for det meste fartsbrot med førarkortbeslag på E39. Resten av lovbrota fordelte seg på m.a. innbrot og nokre tilfelle av grove tjuveri. Med andre ord har ein ikkje noko omfattande kriminalitetsbilete i Bokn.
I distriktet elles har det vore ein generell nedgang i kriminaliteten og dette skuldast, i fylgje politimeistaren, gode tider i det norske samfunnet – ”heleribransjen” har mista grep pga. folk flest ikkje kjøper tjuvegods sidan varene innan dette segmentet er billege og lønningane høge.
God jul
Julehøgtida står for døra og for dei fleste blir dette eit viktig avbrekk frå tidsklemma som mange føler på kroppen i form av tidsfrister som skal overhaldast, jobb, levering av barn i barnehage, innkjøp, planlegging av middag, fotballtrening og mykje meir. Bruk julehøgtida til det ho er meint for; legg vekk eventuelle bekymringar, kos deg med familien og dei som betyr noko for deg, slapp av og la julefreden synke inn over deg. Gled deg over at sola snur den 22. desember – det går mot lysare tider!
Eg vil ynskja alle lesarane våre ei god og fredeleg jul og eit godt nytt år.
Ordføraren
November 2007
Kjære sambygding
Tala for 3. kvartal viser at Bokn framleis har ei auke i folketalet. Auken ligg på vel 2,5 prosent og gjer at innbyggjartalet i kommunen per 15.11.07 var på 813 personar. I løpet av heile 2007 har me hatt ei auke på totalt 20 personar, og dette er svært gledeleg. Me har likevel ei utfordring med å skaffa nok bustadar til alle innflyttarane. For tida er det nesten ikkje husvere å oppdriva i Bokn, verken for sal eller utleige.
Ein ynskjer ikkje å koma i ein situasjon der det er mangel på bustader som stoppar den positive utviklinga i folketalet. Prosessen med å leggja til rette for ei utviding av byggjefeltet i mellom anna Fyrvegen, har difor prioritet, både politisk og administrativt.
Seksjon teknisk
På grunn av sjukdom, permisjonar og vakanser i seksjon teknisk, er sakshandsamingstida noko lengre enn vanleg. I tillegg kan det til tider vera vanskeleg å få kontakt med saksansvarleg på
telefon eller ved oppmøte. Ein ber brukarane ha forståing for dette. Ein håpar situasjonen i seksjon teknisk vil betre seg utover vinteren 2008.
I tillegg er kulturkontoret ubemanna ut året på grunn av sjukdom. Dette medfører mellom anna at kommunen si nettside ikkje har same frekvensen på oppdateringar som tidlegare.
Sørheim-utvalet
Som kjent har det regjeringsoppnemnde utvalet, det såkalla Sørheim-utvalet, lagt fram ei innstilling med forslag til endringar av overføringssystemet til kommunane. Den fyrste oversikten
viste at Bokn var den kommunen i landet som kom dårlegast ut.
I november tok me kontakt med kommunar som har samanfallande problemstilling som Bokn, mellom anna Utsira og Kvitsøy, for å sjå litt på kva strategi ein må leggja opp til for å vinna fram med vår argumentasjon i saka. Vidare vil me engasjera eksterne konsulentar for å utreda konsekvensane for Bokn kommune ved eit eventuelt bortfall av regionaltilskotet. Eg vil også be om eit møte med kommunalminister Magnhild Meltveit Kleppa (SP) på nyåret for ein dialog rundt dette temaet.
Kyrre
Oktober 2007
Kjære sambygding!
Siden forrige utgåve av Bygdabladet har me i Bokn gjennomført kommune- og fylkestingsval og konsti-tuert eit nytt kommunestyre for dei neste fire åra. I den samanhengen blei eg vald til ny ordførar. Eg vil nytta høve til å takka boknarane for tilliten. Det er med stor motivasjon eg tek fatt på denne viktige jobben.
Læringskurven er nok forholdsvis bratt, men eg ser fram til å veksa inn i rolla. Oktober har elles vore prega av at heile regionen har levd i eit ”politisk vakum” der dei politiske vedtaka har uteblitt i påvente av at lokaldemokratiet skal opp å gå att med nye folkevalde.
Unge politikarar
Bokn har etter valet fått eit kommunestyre med regionens lågaste gjennomsnittsalder på representantane. I tillegg har me fått eit fullstendig skifte av formannskapet og nye andlet i dei fleste utvala. Kommunestyret er breidt samansett både når det gjeld kjønn, alder og profesjon, samstundes som me har fått med oss politikarar som har vore med tidlegare. Sistnemnde representerar kontinuiteten i kommunestyret og er viktige aktørar i den politiske prosessen.
Avslutning
Tysdag 23.10.07 inviterte kommunen til middag på Sjøhuset i Alvestadkroken for å markera avslutninga for det avgåtte kommunestyret og opninga av det nye kommunestyret.
Dette var også kvelden for å takka av Svein Ove Alvestad for den jobben han har gjort som ordførar i kommunen dei siste åtte åra. Eg hadde også gleda av å dela ut Kommunenes Sentralforbund sin heiders-medalje til Sigurd Johnny Svendsen og Sigmund Alvestad, som kvar har stilt opp for fellesskapet i 24 år.
Lege
Når det gjeld situasjonen i helsesektoren, jobbar administrasjonen i desse dagar med å få på plass m.a. ny kommunelege og seksjonsjef for seksjon helse, sosial og barnevern. Det har blitt gjennomført intervju av aktuelle søkjarar, men p.t. er ikkje noko avklart. Meir informasjon fylgjer i neste utgåve av Bygdabladet. Bokn tannklinikk opnar igjen tysdag 20. november etter å ha vore stengt ein lengre periode.
Sørheimutvalet
Fredag 26.10 la inntektssystemutvalet, det såkalla Sørheim-utvalet, fram si innstilling med forslag til endringar av overføringssystemet til kommunane. Eit av forslaga går ut på å endra prosentsatsen i jamningsmodellen frå dagens 55 % til 60%. Dette betyr at rike kommunar blir fråteken fem prosent meir av sine inntekter over gjennomsnittet, enn tidlegare. Ei førebels utrekning visar at Bokn kan bli ein av dei kommunane i landet som tapar mest på ei slik om-legging.
Eg og rådmannen kjem til å gå grundigare gjennom denne innstillinga for å avdekka betre kva utslag dette vil få for Bokn. Det kjem meir informasjon om saka i neste utgåve av Bygdabladet.
Svein Ove Alvestad:
September 2007
Reguleringsplanen for Rogfast
Kommunestyret har i sitt siste møte gitt ein uttale til reguleringsplanen for Rogfast. Synlige inngrep ved Rogfast er små, då tunnelopningane blir i nærheten av dagens oppstillingsplass.
Men det som er ei problemstilling er at der ikkje ligg inne av- og påkjørsel på Are. Kommunestyret vil ha det, og ber om å få det utreda. Så får det arbeidet visa om det lar seg gjennomføre trafikksikkerhetsmessig og arealmessig. Utbedring av krysset i Knarholmen ligg nå inne i prosjektet. Kommunestyret viser og til ein rapport om trafikk-sikkerheten på E39, samt støyplager, og ber om at det blir utbedra i prosjektet.
Kommunestyret skal endelig godkjenne reguleringsplanen i eit møte i november.
Kjekt på Bokn
Kommunestyret har nå vedtatt ein plan for framdrift av prosjektet Kjekt på Bokn. Planen er delt inn i kortsiktige og langsiktige tiltak. Av dei tiltaka ein jobbar mest med nå er å få fiksa opp avkjørselen til E39, ferdigstilling av nær-miljøanlegget ved Fyren, bruk av Boknafjellet og mange mindre tiltak som vil auke trivselen på Bokn.
Arbeidsgruppene som er nedsette får eit viktig ansvar med å utvikle og gjennomføre tiltaka. Det er derfor viktig at det store engasjementet som har vore held fram, noko eg har stor tru på.
Reguleringsplanen for Føresvik er nå godkjent etter at kommunestyret ga etter for innsigelsen frå Fylkesmannen om at ca. 25 meter strandlinje på Hviding sin eigendom skal regulerast til friområde og ikkje til naust. Det er ufatteleg at ein skal bruke så mykje tid og ressursar på ein så liten sak, når Bokn i tillegg har milevis med uberørt standlinje. Det er og min påstand at Fylkesmannen er med på å hindre ei god utvikling på Bokn.
Takk for meg
Etter åtte år som ordførar er det slutt for min del. Det har vore åtte år med mykje arbeid og mange spennande oppdrag. Eg føler sjølv at me har klart å sette Bokn på kartet og fått fram vårt syn.
Perioden har vore prega av både oppturar og nedturar, men det er svært godt å overlate ein kommune i vekst med god kontroll over økonomien og eit svært godt utbygd kommunalt servicetilbod til eit nytt kommunestyre.
Dei siste to, tre åra skulle eg gjerne deltatt meir blant lag og organisasjonar og vore meir involvert og “på hugget” i fleire saker, men eg blei dessverre fråtatt den muligheten, og det vil eg beklage overfor dykk som valgte meg.
Så vil eg gratulere Kyrre med eit godt val og ønske han lykke til som ny ordførar, slik det ser ut i skrivande stund, og håpar at han får mulighet til å gjere den jobben som me forventar og som blir kravd for at Bokn skal bli høyrt ut i den store verda.
Det har vore kjekt og givande å få gjere ein slik jobb for Boknasamfunnet, og til slutt vil eg takke for meg.
Svein Ove
August 2007
Vel overstått sommar. Véret har ikkje vore det beste, men me får håpe at sola dukker opp når skulen startar opp og at hausten blir fin.
Sommaren er ei rolig tid i kommunen og prega av ferieavvikling. Eg får håpe at kommunen likevel har klart å yte den service som blir forventa av dykk.
Vanskeleg arbeidsmarknad
Kommunen opplever nå eit problem med å skaffe fagfolk til fleire stillingar. Det arbeidast kontinuerlig med ny rekruttering i ein vanskeleg arbeidsmarknad, og i tillegg må kommunen satse endå meir på vidare-utdanning av eksisterande arbeidskraft for å kunne ha ein tilfredstillande kompetanse.
Dette kan medføre at kommunen kan få problem med å yte den service og hjelp som trengst. Det vil og bety ei auka belastning på dei som er på jobb.
Eg ber om litt forståing for dette og eg kan forsikre dykk om at dei tilsette gjer det dei kan, og meir til, for at me skal merke dette minst mulig. For dei tilsette og oss innbyggarar blir situasjonen betre når kommunen har fått fleire tilsette i ledige stillingar.
Vinn-vinn situasjon
Kommunen foretar ei ombygging av sine lokaler. Kommune, NAV, og SR-Bank skal samlokalisera fleire av sine tenester.
Bakgrunn for denne endringa er at SR-Bank ville redusere opningstida til 2 dagar og arbeidet med å etablere NAV-kontor i alle kommunar.
Arbeidet enda då ut i at kommunen, NAV og SR-Bank inngår i eit unikt samarbeid. Det vil medføre betre tilgjenge til sentrale tenester for oss som innbyggarar og betre bruk av personalressursar.
Me får ein vinn-vinn situasjon der kommunen vil få meir ressursar til service for oss innbyggarar, betre tilgjenge og samarbeid for NAV og sosialtenesta og banken får 5 dagar opningstid.
Val 2007
Det nærmar seg nå kommuneval og det er viktig for demokratiet at flest mulig går til valurnene og avgir sin stemme. Eg oppfordrar alle til å stemme den 10 september eller nytte muligheten til å forehands-røyste.
Godt val.
Svein Ove
Juni 2007
Møte med Bufetat
Som eg skreiv om i forrige bygdablad så skulle me ha møte med Bufetat om omlegginga av barnevernsarbeidet og konsekvensane for Boknasamfunnet: I tillegg blei der holdt eit folkemøte med bra oppmøte og engasjement.
Tilbakemeldinga til Bufetat frå innbyggjarar og politikarar er heilt klart, og det er at me ikkje ønsker nokon endring av drifta ved Bufellesskapa på Bokn. Styret ved Bufellesskapa er og innstilt på å fortsette som nå.
Det gjenstår nå å sjå kva som blir det endelige utfallet av denne saken. Mitt håp og ønske er at Bufetat viser forståing for Boknasamfunnet og velger å samarbeide med Bokn Bufellesskap som nå.
Rekneskap 2006
Rekneskapen for Bokn kommune 2006 er klart og vise eit udisponert overskudd på 3,7 mill kr. Svært høge skatteinntekter, auka regionaltilskudd og ein god og effektiv drift av kommune er hoved årsaker til dette rekord overskuddet. Overskuddet blir brukt til å styrke disposisjonsfondet med 2,4 mill kr, dekke underskudd for 2004 med 1 mill kr og 300 000,- til vedlikehold av kommunale vegar.
Eg vil takke alle tilsette for den gode innsatsen dei gjer for kommune og dermed for oss alle.
Styrking av pleie– og omsorgstenesta
Kommunestyre har og vedtatt å styrke pleie og omsorg med 1,8 årsverk ut året for å avlaste ein svært krevande situasjon. Fram til 31/12 vil ein ha ein gjennomgang av situasjonen for å komme fram til ein meir permanent ordning.
Midtskyss frå august 2007
Kostnaden ved midtskyss har auka kraftig til 260 000,- og der har vært ein diskusjon om den kan fortsette. Fleirtalet av foreldrene vil ta den vekk og ha 4 dagars uke for småskulen. Fleirtalet i kommunestyre ønsker å oppretthalde dagens ordning med 5 dagars uke og dermed midtskyss.
Reguleringsplan i Føresvik
Kommunen har vært i møte med fylkesmannen om innsigelse til reguleringsplan i Føresvik. Innsigelsen går på bruk av ca 30 meter strandlinje avsatt til naustformål kor fylkesmannen vil ha friområde. Kommunestyre ønsker å stå på forslaget som inneber at der skal avsettast arealer i strandsonen til naust formål.
Der vil nå bli formell mekling før saken eventuelt sendes til miljøverndepartementet for endelig behandling.
Rogfast
Vegvesenet arbeider med forslag til kommunedelplan for Rogfast og den vil komme ut til høyring nå i sommar. Der er to alternativ til løysning på Bokn, ein mot Arsvatnet før vegen går inn på E39 og ein ned mot sjøen før vegen går inn på E39. Det er ikkje dei store inngrepa men begge alternativa inneber at der ikkje blir avkjørsel til Are/Bokn her.
Forslaget inneber at krysset i Knarholmen skal byggast ut og ein må bruke gamle vegen for å komme til Are. Kommunestyret vil uttale seg om saka ved den ordinære høyringa seinare i haust.
Så får eg ønske alle ein kjempefin sommar.
Svein Ove
April 2007
Som alle er eg og prega av den tragiske dødsulykka på E39 der Leif G. Hansen omkom. Sjølv om den pregar oss alle så er det mest vondt for hans barn, barnebarn og resten av familien. Dei har vår djupaste medkjensle og omtanke og treng vår støtte i ei vanskeleg tid.
Tilfeldighetene ville det og slik at kommunestyret i møte den 24. april vedtok at det berre er ein ferjefri kryssing av Boknafjorden, Rogfast, som oppfyller krav om redusert reisetid og betre forutsigbarhet for trafikk over Boknafjorden.
Kommunen og Vegvesenet har i arbeidet med Rogfast fått utarbeida ein rapport om konsekvensar for trafikksituasjonen etter Rogfast. Konklusjonen er at trafikken vil auke endå meir og der er foreslått fleire utbetringar av vegen. Kommunen har allereie starta arbeidet med å få i gang utbetringar.
Det er og nærliggande å få vurdert midtskille på ein så sterkt ulykkesbelasta og trafikkert vegstrekning som E39 gjennom Bokn.
Barnehagen
Til barnehageopptaket nå i vår har der vore stor søknad og barnehagen er sprengt. Kommunestyret har derfor vedtatt ei midlertidig utviding av barnehagen for å gi eit tilbod til alle søkarane. Den midlertidige løysinga vil bli på skulen. Samtidig med dette er der eit arbeid på gong for å vurdera det framtidige barnehagetilbodet på Bokn. Det vil omfatte kapasitet og type tilbod, f.eks. friluftsbarnehage.
Førebyggande arbeid
Kommunestyret behandla og revidering av psykriatriplanen. Den vidarefører dagens tilbod med ei framtidig satsing på førebyggande arbeid blant barn og unge. Det er tenkt ved å opprette ein barne og ungdomsarbeidar i 50% stilling.
Bokn Bufellesskap
Barnevernsarbeidet er under omlegging, og det vil gjelda boknasamfunnet då me har Bokn Bufellesskap her. Eg føler at samarbeidet mellom Bufellesskapet, kommunen og lokalsamfunnet har godt greit til nå, sjølv om me i den seinare tid har følt at belastninga på lokalsamfunnet til tider har blitt for stort.
Ved ei større belastning fryktar både formannskapet og lokalbefolkninga at det blir for mykje for eit lite lokalsamfunn som Bokn, og ein frarår derfor Bokn Bufellesskap å ta i mot endå meir belasta ungdom. Eg er glad for at styret i Bokn Bufellesskap tok desse signala å sa nei til å ta imot endå meir belasta ungdom.
Styreleiar i bufellesskapa og eg er nå kalla inn til møte med Bufetat, Statens barnevern, for å drøfte situasjonen. Eg er usikker på kva staten vil gjere, men eg synest at Bokn har tatt ansvar og tatt sin del av det vanskelige barnevernsarbeidet til nå.
Til slutt vil eg ønske alle velkommen til årets tradisjonsrike 17. mai-feiring på Bokn.
Svein Ove
Mars 2007
Overskot
Som de kanskje har sett i avisene har kommunane i Norge gode overskot på rekneskapen for 2006. Sånn ser det ut for Bokn også. Bokn kommune vil gå med ca. 4 mill. kroner i overskot takka vere svært god skatteinngang og reduserte kostnader på drifta. Kommunestyret vil ta stilling til korleis pengane skal brukast.
”Kjekt på Bokn”
Kommunestyret har hatt ein foreløpig informasjon og behandling av prosjektet ”Kjekt på Bokn”. Under arbeidet i dei forskjellige gruppene har der komme opp mange gode og spennande idear for vidare utvikling av Bokn, og eg vil takke alle for arbeidet og ideane så langt.
Gruppene har delvis jobba med tiltak innan same tema og innan same område og formannskapet og kommunestyre såg det derfor som nødvendig å sortera litt i oppgåver for gruppene. Resultatet blei at ei gruppe får i oppdrag å planlegge alle tiltak rundt Boknafjellet. Det arbeidet settes i gong med ein gong. Eit anna tiltak som blir sett i gong nå er å skisse opp korleis me vil at avkjørselen til Bokn frå E39 ved Knarholmen skal sjå ut.
Kommunestyret samla seg og om at nærmiljøanlegget på Fyren skal gjerast ferdig etter gjeldane planar, at all vidareutvikling av Føresvik blir samla i ei gruppe og at alle større tiltak som ny trailbane, museum, kultur- og idrettsbygg og badeanlegg skal vidareutviklast.
Dei tri arbeidsgruppene får kvar 50 000,- kr til å sette mindre tiltak, som skilting av turstiar, matkurs og førstehjelpskurs, ut i livet og til å arbeide vidare med enkelte idear.
Kommunestyret har valgt denne måten å gjere det på for å sleppe å vente på endeleg behandling av prosjektet og komme raskt i gong med konkrete tiltak.
Edderkopp
Etter kommunestyret si oppfatning vil det nå bli svært viktig å få på plass ein som kan vera ansvarleg for heile prosjektet. Prosjektet og framdrifta er avhengig av ein som kan samla alle trådane, syta for framdrift, skaffa økonomiske midlar til tiltaka og sikre at me får noko ut av dette prosjektet. Håpet er å ha på plass ein person som har ansvar for prosjektet til sommaren.
Eg har tru på at me skal få mykje ut av dette prosjektet som vil gjere det kjekt å virke på Bokn som innbyggjar, næringsmessig eller i fritida.
Svein Ove
Februar 2007
Sjølv om det er noko seint så vil eg ønske alle godt nytt år!
Ut på tur
Det er vanskeleg å få eksakt oversikt over antal tur-gåarar som har skrive seg opp i boka på Boknafjellet i 2006. Dette kjem av litt rot og feilføringar med tal, men tradisjonen tru har me trekt ut to vinnarar av eit krus frå Bokn kommune. Denne gong blei det Tobias Ytreland Øvrebø og Augustin Thuestad. Me gratulerer!
Det er gledeleg at mange tar turen til Bokn for å nyte utsikten og ta seg ein tur ut i friluft.
Tannlege og lege
Etter endeleg å ha fått tannlege på Bokn igjen var det svært skuffande og overraska at me rett etter nyttår fekk brev frå Fylkestannlegen om at han vil legga ned tannklinikken på Bokn, saman med tre andre. Det er to argument som blir brukte og det er økonomi og vanskar med å få tannlege til Bokn.
Me tok straks saka opp med Fylkestannlegen og fekk avtalt møte med han. På møtet kom me fram til ei løysning som sikrar tannlege ut 2007. Det er ei forutsetning at styret for Tannhelse Rogaland godkjenner løysinga.
Nå blir det arbeiddt mot Rogaland fylkeskommune for å sikra ordninga også etter 2007. Ein viktig føresetnad for å ha eit tannlegetilbod på Bokn er at der er tannlegar som vil arbeide her, og det vil nok bli den store utfordringa framover.
Når det gjeld legetilbodet ser det endå vanskeligare ut. Til nå har ein ikkje lykkast å få aktuelle søkarar til stillinga, men ein arbeider fortsatt, både innanlands og utanlands, for å få ei løysing.
Positiv utvikling
Interessa for Bokn til etablering av bedrifter og busetting er større enn på lenge. Folketalsutviklinga for 3. kvartal viser ei positiv og fin utvikling, får håpe det også er tilfelle pr. 1/1. Det opplevde me og rundt år 2000, men då fekk me ein tildels kraftig tilbakegang etterpå, noko det kan sjå ut til at me kanskje ikkje skulle få nå.
Det er svært godt at Bokn opplever positiv utvikling nå når Norge og Rogaland går som det suser. Hadde me hatt ein tilbakegang eller stagnasjon i desse gode tidene hadde framtidsutsiktene vore mykje verre.
Den positive utviklinga viser at Bokn er blitt eit alternativ for folk som vil etablera seg med bustad eller bedrift. Bokn begynner å bli meir kjende, andre veit om oss og ser på Bokn som ein kjekk og god plass å bu. Det er gledeleg.
I og med at me har vore gjennom kommunesamanslåingsprosessen og nå arbeider godt med prosjektet ”Kjekt på Bokn”, og den positive utviklinga ellers i kommunen, føler eg at me har fått ein litt ny giv for Boknasamfunnet, kor me ser mange muligheter og vil få noko til å skje på Bokn.
Eit slikt engasjement er heilt nødvendig for små lokalsamfunn som Bokn i ei verd kor sentraliseringa går sin gang. Dette engasjementet gler meg og eg vil arbeide for at kommunen vil støtte opp om dette og ”smøre” arbeidet med dei ressursene kommunen har.
Eg ser fram til eit aktivt år.
Svein Ove