Av ordførar Osmund Våga
Dei gir ei god oversikt over kommunen si drift og økonomi, og eg vil oppfordre folk til å lese dei. Samstundes vil eg takke dei tilsette i kommunen for å ha gjort ein stor innsats i eit vanskeleg år, og bidratt til eit godt resultat.
Årsmelding 2021 (PDF, 5 MB)
Rekneskap 2021 (PDF, 953 kB)
Set overskot på fond
Økonomisk går det godt, med netto driftsresultat for 2021 på kr 5,67 millionar. Dette skuldast i hovudsak meirinntekter på skatt og rammetilskot.
På utgiftssida har det spesielt blitt brukt meir på helse og elektrisk kraft. Me er bekymra for utsiktene framover med mogleg reduksjon i eigedomsskatt og endringar i inntektssystemet, så me foreslår ikkje å bruke av overskotet nå, men set det på fond.