Av ordførar Osmund Våga
Då vil eg oppfordre folk til å engasjere seg i politikken. Det er viktig for ein liten kommune at mange er med både i politikk, frivillige organisasjonar, idrett, kultur, et.c.
Og det er viktig for demokratiet at det er eit breitt utval av folket som er med i politikken. Spesielt ungdom, det er dei som skal bu i den kommunen som me utviklar for framtida.
Nå er budsjettet for neste år under behandling. Det er det viktigaste dokumentet i kommunen, og avgjer korleis me skal driva kommunen dei kommande åra. Det har du moglegheit til å vere med og bestemme dersom du blir med i kommunestyret.
Interessant og viktig
Det politiske arbeidet er både interessant og viktig for framtida til Bokn. Her får ein moglegheit til å påverke kva me skal satse på og ta initiativ til nye tiltak.
Bør me satse meir på skule, helse, kultur, markedsføring, bustadbygging, næringsutvikling, betre vegar, eller noko anna? Det kan du vere med på å avgjere. Du oppnår meir her enn ved å skrive på Facebook kva som er gale.
Politisk arbeid gir også ei innsikt i det politiske systemet som kan vere nyttig i andre samanheng, både i arbeidsliv og organisasjonar.
Fire parti
Så dersom du er medlem i eit politisk parti, tenk over om du vil stå på lista deira til neste val. Og oppfordre andre til å stille.
Dersom du ikkje er medlem, tenk over om det er eit parti som du kunne tenke deg å vere med i.
For tida er det fire parti som stiller til val i Bokn. Det er AP, H, SP og Krf. Og det er også mogleg å starte lokallag i andre parti om nokon ønsker det.
Dersom du kunne tenke deg å vere med i eit parti, kan du ta kontakt med lokallagsleiarane, sjå kontaktinfo nedanfor.
Saman skal me gjere Bokn til ein god kommune å bu i.