Av ordførar Osmund Våga
Resultata kan du sjå her (PDF, 2 MB)
Tusen takk for meiningane dine om trivsel og tilfredsheit i kommunen vår. Ærlege tilbakemeldingar er viktige for at me kan utvikle samfunnet vårt til det beste for alle, og at politikarar og administrasjon kan få betre oversikt over kva folk meiner.
Bakgrunn:
Gi mening
Innkomne meiningar
Det er godt å sjå at trivselen som innbyggar i Bokn stort sett er god, og at fellesskapet mellom innbyggarane er noko av det beste med Bokn.
Samferdselstilbodet er det som ein er minst fornøyd med. Då må me gjere noko med det.
Det er ellers stor variasjon i korleis ein opplever tenestetilbodet.
Her kan du laste ned appen Gi mening
Ny undersøking
Om kort tid vil det komme ei ny undersøking i Gi mening-appen.
Me håper du vil delta også i den undersøkinga, og også oppfordre andre innbyggarar til å melde seg inn i samfunnet «Bokn mener».
Gå til påmeldingsskjemaet her