Det er ei viktig side ved rettssystemet og rettstryggleiken at ein blir dømd av sine likemenn.
Juryordninga er fjerna, men ein har framleis meddommarar. Då er det viktig at folk melder seg frivillig til slike posisjonar. Eg har sjølv vore jurymedlem, det gir ein interessant innsikt i rettssystemet.
Nå har vi fått i oppgåve å finne kandidatar til val av skjønnsmenn og lekdommarar. For å vere meddommar er det ingen spesielle krav.
For å vere skjønnsmann bør ein ha ein viss kunnskap eller erfaring innan økonomi eller eigedom.
Gjer ein innsats for samfunnet, meld deg som meddommar eller skjønnsmann !