Boknakoret/Aksang syng på kommunestyremøtet, 13.12.22
Ana Maria Stef
Av ordførar Osmund Våga
Me gjekk inn for kommunedirektøren sitt framlegg til budsjett med enkelte endringar. Dette var eit felles forslag frå alle partia, og eg er glad for at me kan stå saman om dette.
Me begynte med å takke dei tilsette for den ekstra innsatsen som er vist i koronapandemien. Me har klart oss godt gjennom dette, og nå er det på tide å sjå framover.
Dei viktigaste endringane
Dei viktigaste endringane i budsjettet er at me beheld 1,5 årsverk i skulen, beheld to MOT-avtalar og ynskjer at klassetur for 9. klasse skal arrangerast av skulen som nå, medan foreldra kan ta seg av planlegging og dugnad.
Me synest også at når me nå har bygd ny skule med eigen kulturdel, så må me satse meir på kulturskule, og bevilga 200 000 til instruktørar.
Investeringar
Når det gjeld investeringar la me til følgande for 2023:
Solceller på kommunale bygg i samsvar med energisparevedtak
|
500 000
|
Oppgradering kommunal veg på Ognøy
|
500 000
|
Parkeringsplass og oppgradering av veg til nærmiljøanlegg
|
300 000
|
Vedlikehald museum
|
100 000
|
Spesielt veg og parkering til nærmiljøanlegget er det viktig å få oppgradert nå når ein har laga ny sandvolleyballbane og ser for oss meir aktivitet her.
Gebyr
I gebyrregulativet fjerna me gebyr for vigslar og beheldt at leige av Bokn Arena skal vere gratis for lag og organisasjonar i Bokn.
Me hadde også til behandling vatn og avløpsgebyr. Kommunedirektøren sitt forslag blei vedteke med endring om at innstallasjon av vassmålar blir frivillig for gardsbruk på lik linje med hushaldningar.
Grunngjevinga her er at det er vanskeleg å innstallere vassmålar enkelte stader, og at det vil medføre store ekstrakostnader for ein del bønder.
Politiske verv
Forskrift om godtgjersle for politiske verv i neste periode vart vedteke i tråd med forslag. Det er godt å få dette avklart i god tid før neste val.
Det var litt diskusjon om støtte til Haugesund lufthavn. Me synest ikkje at det er ei kommunal oppgåve å drive lufthavn, men fann at me vanskeleg kunne seie nei til anmodninga av omsyn til regionalt samarbeid, så me støttar dette i tråd med framlegget i saka.
Høyringssaker:
Grunnrenteskatt på havbruk
Her var det ein god diskusjon, og det stod mellom at me skulle seie nei til dette eller at me støtta tanken om grunnrenteskatt for bruk av naturressursar, men var ikkje einige i utforminga. Både nivå, fordeling og ikkje minst at ein burde ha ein betre dialog med dei berørte før ein innfører ein slik skatt.
Og det var det sistnemde argumentet som blei vedteke, i tillegg til kommunedirektøren sitt forslag til høyringssvar.
Inntektsystemet til kommunane
Forslaget til nytt inntektsystem for kommunane har to negative element for Bokn; Ei overføring frå små til store kommunar, og at eigedomsskatt frå vind, vatn og petroleumsanlegg skal inn i skatteutjamninga.
Totalt vil det medføre over 3M i tap pr. år for Bokn. Her har kommunedirektøren laga eit godt høyringssvar, som blei vedteke utan stor debatt.
Kulturinnslag
På kommunestyremøta har me bedt om å få eit kulturinnslag, og det var ei stor overrasking at Boknakoret og Aksang stilte opp og song for oss.
Det sette me stor pris på, takk skal de ha.
Til slutt hadde me ein julemiddag, takka for eit godt samarbeid i året som gjekk og ønska kvarandre god jul.