Me har mange flotte møterom i kommunen. Nokre av dei har namn som kan forvekslast, som til dømes Allrom Boknatun og Allrom Bokn Arena. Dessutan er namna litt kjedelege, som til dømes Bokn Arena møterom 1. etg.
Send inn namneforslag
Me ønsker difor å setta namn på desse og oppfordrar innbyggarane til å senda inn namneforslag på møteromma - hovudsakleg dei to romma i Bokn Arena, men også på dei som er i Boknatun, dei som nå blir kalla for allrom og formannskapssal.
Namna bør helst ha ein samanheng og tilknyting til Bokn. Det kan vera stader, natur, hendingar, personar, eller liknande.
- Bokn Arena, møterom i 1. etg.
- Bokn Arena, allrom i 2. etg.
- Boknatun, formannskapssal i 1. etg.
- Boknatun, allrom i 2. etg.
Namneforslag som blir brukte, blir premierte med gåvekort, kr 200 på Sjøbris.
Forslag kan sendast på mail til ordføraren. Kommunestyret vil deretter diskutere dette, og fastsette namn på romma.