Hovudomsyn ved valordninga vår er at valet skal vere fritt og hemmelig. Det betyr at alle skal få moglegheit til å røyste, og at ingen skal ha innsyn i kva dei har røysta.
Ikkje eingong dine næraste kan forlange å få vete kva du har røysta – og endå mindre forsøkje å bestemme kva eller kven du skal røyste på.
Når du kjem inn i vallokalet, vil du bli møtt av ein valfunksjonær som viser deg til eit avlukke. Når du er komen inn dit, trekkjer du for forhenget. Du vil ha alle listene for kommunestyrevalet i Bokn og fylkestingsvalet i Rogaland foran deg.
Når du har funne lista til det partiet du ønskjer å røyste på, kan du – om du ønskjer det – “retta listene” ved å endre settje kryss i ruta foran namnet på kandidaten/ane. Andre endringar vil ikkje telje ved valoppgjeret.
Når du har vald røystesetel, bretter du røystesetelen saman med den skraverte sida ut, slik at ingen kan sjå kven du vil røyste på.
Ute av avlukket finn du vegen til dei som passer urna. Før du får leggje røystesetelen i urna, må dei finne deg i manntalet (lista over alle som kan røyste) på PCen sin. Derfor må du ha med deg legitimasjon, og viss du har med deg valkortet, går det heile mykje kjappere. I år får dei fleste av oss valkortet sendt digitalt.
Når du er blitt identifisert og det er merka av i manntalet, skal røystesetelen stemplast, deretter kan du legge røystesetelen oppi urna.
Då har du gjort din innsats i valet.
Under førehandsrøystegjevinga, går dette på omtrent same måten, men røysta di og valkortet kan bli lagt i ein konvolutt (viss du for eksempel røystar i ein annan kommune enn der du høyrer heime).