Smittevern og val

Det er viktig at du følgjer smittevernreglar og råd som gjeld der du bur.

  • Hugs å halde god avstand til valfunksjonærar og andre i vallokalet
  • Ha god handhygiene når du røystar, sprit hender når du kjem inn og når du går
  • Bruk minst mogleg tid inne i vallokalet
  • Ikkje dra til røystelokalet dersom du er sjuk.

Også veljarar som er sjuke, i isolasjon eller karantene skal få høve til å røyste. Ta kontakt med Servicetorget på tlf. 52 75 25 00 eller send ein e-post til post@bokn.kommune.no  for meir informasjon.