Før 8. september kan du røyste kor du vil i landet
Førehandsrøyste kan du gjere i hele landet. Dersom du røystar utanfor eigen kommune, får du ein røystesetel med namna på dei registrerte politiske partia. Du må krysse av for kva parti du vil røyste på. Røystesetelen er utan namn på partia sine kandidatar. Du kan difor ikkje gjere endringar på desse røystesetlane.
Er ikkje partiet eller gruppa du ønskjer å røyste på oppført på røystesetelen, kan du skrive namnet på dette partiet/gruppa på røystesetelen. Du kan også sjølv skaffe røystesetel frå valdistriktet ditt, og bruke han om du ønskjer å gjere endringar.
Røysta blir sendt til heimkommunen din for oppteljing.