Formålet med planarbeidet er å etablera ei trafikksikker løysing for mjuke trafikantar på strekninga mellom Bokn Arena og Føresvik sentrum ved krysset mellom Føresvikvegen og Stabburvegen. Veganlegget skal utbetrast med auka breidder, betre siktforhold og utbetra/færre avkøyrslar på strekninga. Det skal også gjerast ei opprydding i plangrunnlaget i søre del av planområdet.
Kart over aktuelt område.Kartet viser førebels plangrense for detaljregulering. Grensa er lagt slik at me har nok plass til å sikre avkøyrslar og gjennomføre anleggsarbeidet, men det endelege planområdet kan verte innsnevra.
Har du merknader til planarbeidet ber me om at du sender desse på e-post til firmapost@rogfk.no, eller til Rogaland Fylkeskommune, Postboks 130, 4001 Stavanger. Merk sendinga di med saksnummer 2023/61659 og plannamn, samt fullt namn og adresse.
Frist for å senda inn merknadar er 23. juni 2024.
Planoppstart er også kunngjort på heimesidene til Rogaland fylkeskommune.
21. mai kl. 18 planlegg kommunen eit folkemøte om pågåande planarbeid på Bokn, kor me vil gi kort informasjon om planarbeidet. 27. mai kl. 14–18 vil me ha open kontordag, kor ein kan komme innom oss for spørsmål og meir informasjon. Både folkemøtet og open kontordag vert på Bokn Arena.
e4aqMe svarar ikkje på innkomne merknader direkte, men samanfattar og kommenterer dei som ein del av det vidare planarbeidet. Merknadane vil saman med våre kommentarar følgje saka vidare til den politiske handsaminga av planforslaget. Etter vedtak i forvaltningsstyret i Bokn kommune, vert plandokumenta lagt ut på høyring og offentleg ettersyn. Det vert då høve til å senda inn merknader til planforslaget.
Dersom du har spørsmål, kan du ta kontakt med planleggingsleiar Simen Økland i Rogaland fylkeskommune på telefon 958 22 494 eller på e-post simen.okland@rogfk.no.
Me ber om at grunneigarar vidareformidlar dette varselet til eventuelle leigetakarar, festarar og andre som har heimel til eigedomen.
Rogaland fylkeskommune gir dette varselet i tråd med plan- og bygningslova § 12-8. Planen vert utarbeidd som detaljreguleringsplan etter plan- og bygningslova § 12-3. Rogaland fylkeskommune og Bokn kommune har i samsvar med plan- og bygningslova § 4-2 vurdert at planen ikkje skal konsekvensutgreiast. Vurdering av krav for konsekvensutgreiing er å finne på oppgitte heimesider.
Referat frå oppstartsmøtet (PDF, 398 kB)