Varsel om planarbeid – Detaljregulering for Bokn Havn- Plan-ID 202402

I samsvar med §§ 12-3 og 12-8 i plan- og bygningslova blir det med dette varsla oppstart av privat detaljreguleringsarbeid.

Bildet viser kart over området - Klikk for stort bileteKart over området. ly-al.no

Formålet med planen er å utarbeida detaljreguleringsplan for utviding av eksisterande kai og industriområde på High Comp – planid 201606, vedteke i 2019.

Planområdet er i Føresvik i Bokn kommune og planavgrensinga er delt i to med tanke på mogleg regulering av dagens tilkøyringsveg, som ligg innanfor Industriområdet ved Føresvik, planid 200206. Totalt er varsla planavgrensing på ca. 69 daa. Endelig planforslag kan bli mindre enn vist i kartutsnitt.

Planforslaget er vurdert til å utløysa krav om konsekvensutgreiing, jf. forskrift om konsekvensutgreiing §8a, vedlegg II punkt 10e. 
Tema som skal konsekvensutgreiast er landskap, friluftsliv og naturmangfald.  

Kart over planområde (PDF, 577 kB)

Referat frå oppstartsmøte, planinitiativ  (PDF, 2 MB)

Førebels oppsett for konsekvensutgreiing (PDF, 1022 kB)

Førespurnader vedrørande planarbeidet kan rettast til:

LY areal & landskap
v/ Hjørdis Hausken
Telefon: 92410516
E-post: hjordis@ly-al.no

Eventuelle merknader skal sendast innan 02.09.24 til:

E-post: hjordis@ly-al.no
eller 
Brev: LY areal & landskap, Postboks 2, 5501 Haugesund