Om folkehelse

Folkehelsearbeid er innsatsen i samfunnet for å påverka faktorar som direkte eller indirekte fremjar helsa og trivselen til befolkninga, førebyggjer psykisk og somatisk sjukdom, skade eller liding, eller som vernar mot helsetruslar, og arbeid for ei jamnare fordeling av faktorar som direkte eller indirekte påverkar helsa. 

Ein av dei viktigaste samfunnsressursane våre er ei befolkning som trivst og har god helse. 
Det handlar om å utvikla lokalsamfunn som fremjar helse og livskvalitet, og jamnar ut sosiale forskjellar i helse. Helsefremjande og førebyggjande arbeid er ei investering i gode og berekraftige lokalsamfunn. 
For å nå dette målet må me arbeide kontinerlig og systematisk for å skape gode oppvekst- og levekår med sunne levevanar i eit trygt og inkluderande samfunn. 

Løysingane for folkehelsearbeid finn ein gjennom eit tverrsektoriell og kunnskapsbasert samarbeid, med brei involvering og forankring kor mange aktørar er involvert. 

Kva gjer me?

Folkehelse har lenge vore eit viktig satsingsområde i kommunen, og fekk etter innføring av Folkehelselov i 2012 eit endå større fokus. 

I Folkehelsemeldingen 2012 står det at “god helse inneber å ha overskot til å meistra kravet frå kvardagen. God helse gir fridom til å leva sjølvstendige og meiningsfulle liv".
 

Folkehelsearbeidet er forankra i plansystemet til kommunen, og blir utøvd i ulike sektorar i kommunen kvar dag. Heile organisasjonen skal fremja folkehelse i oppgåver som kommunen er tillagde, som utvikling, planlegging, forvaltning og tenesteyting. Kommunen skal også ha løpande oversikt over helsa og påverknadsfaktorane til befolkninga, og bruka denne informasjonen aktivt i mål- og planarbeid og gjennomføring av tiltak. 

Folkehelsearbeidet skal etter folkehelselova vera systematisk og langsiktig.  I tråd med folkehelselova og tilhøyrande forskrift utarbeidast eit oversiktsdokument kvart 4. år over helsetilstanden i befolkninga. I dette dokumentet skal og hovedutfordringar i helsetilstanden identifiserast. Dette skal igjen danne grunnlaget for kommunen sine prioriteringar dei kommande år knytt til kommunal planlegging og tiltak i alle sektorar, og på tvers av sektorane. 

Folkehelsearbeid er eit lagarbeid, der både offentleg, privat og frivillig sektor bidreg. Eit godt samarbeid på tvers av alle desse sektorane er derfor viktig i Bokn kommune sin folkehelsepolitikken kor felles mål er at innbyggjarar i Bokn skal oppleva god helse, trivsel og livskvalitet - gjennom heile livet.

Koordinering
Kommunen skal setja i verk nødvendige tiltak for å møta folkehelseutfordringane i kommunen, les meir i Folkehelselovens § 5-7. Dette kan mellom anna omfatta tiltak knytt til oppvekst- og levekårsforhold som bustad, utdanning, arbeid og inntekt, fysiske og sosiale miljø, fysisk aktivitet, ernæring, skadar og ulykker, tobakksbruk og alkohol- og annan rusmiddelbruk.

Kommunen skal gi informasjon, råd og rettleiing om kva den enkelte sjølv og befolkninga kan gjera for å fremja helse og førebyggja sjukdom.

KOmmunalt folkehelseforum skal vera med å sikra denne innsatsen. Forumet er tversektorielt sett saman, og arbeider tett med frivillige lag og organisasjonar, lokalt næringsliv, Rogaland fylkeskommune, kommunar og andre.

Rapportar, linkar og dokumenter 

Folkehelse- og oppvekstprofil for Bokn 

Folkehelsearbeid i Rogaland Fylke

Folkehelsemeldinga - Nasjonal strategi for utjamning av sosiale helseforskjellar 

Denne sida nyttar informasjonskapslar Trykk her for detaljert informasjon. (Skjul denne meldinga)