Av Irene Høyvik Jørgensen
Fysioterapi
Hovudsakleg er arbeidsoppgåvene rehabilitering/opptrening av vaksne og eldre i institusjon og i heimen etter skade, sjukdom eller funksjonsfall, arbeid blant born og ungdom og hjelpemiddelformidling/enkel bustadtilrettelegging. Fysioterapeuten samarbeider m.a. med helsesjukepleiar, tilsette i barnehage og skule, og kan gi rettleiing og råd der, og til foreldre.
Behandlingstid for tilviste saker varierer etter type saker og blir prioriterte etter ein prioriteringsnøkkel utarbeida for fysioterapitenesta på Bokn.
Vaksne som kjem seg til fysioterapeut sjølve går til privatpraktiserande fysioterapeut for behandling. Bokn kommune har ein fysioterapeut med driftstilskot, Geir Austvik, tlf. 91 61 23 91. Du treng ikkje tilvising frå fastlege for å gå til fysioterapeut.
Les meir om tilvising hos Helsenorge
Ergoterapi
Arbeidsoppgåvene til ergoterapeuten er hovudsakleg innan kvardagsrehabilitering og rehabilitering. Ergoterapeuten kan også bistå med formidling av hjelpemiddel og tilrettelegging av bustad, samt vere tilgjengeleg for rettleiing/oppfølging av born med finmotoriske vanskar, og vurdere behov for kognitive hjelpemiddel.
Kvardagsrehabilitering
Sjå eigen artikkel
Hjelpemiddel
Ved behov for hjelpemiddel for ein kort periode kan ein få låne hjelpemiddel frå kommunen sitt korttidslager, m.a. toalettforhøyar, dusjkrakk, rullator. Ta kontakt med fysioterapeuten for avtale, så kan ein hente hjelpemidla på Boknatun. Ved planlagt operasjon bør ein ta kontakt i god tid på førehand slik at ein kan ha hjelpemidla klare til utskriving. Ved spesielle tilfelle der det oppstår akutt behov i helger/ettermiddag kan ein kontakte sjukestova.
Dersom behovet for hjelpemiddel er varig (2 år eller meir) kan fysioterapeut eller ergoterapeut hjelpe med å vurdere behov og søke NAV hjelpemiddelsentral om hjelpemiddel. Småhjelpemiddel som gripetang, handtak m.m. må brukar kjøpe sjølv.
Kommunal fysioterapeut/ergoterapeut har og ansvar for å søkje om syns- og høyrselshjelpemiddel.
Pris:
Kommunen kan krevje vederlag av brukaren. Vederlaget er fastlagt i statlige forskrift (sjå under Lover og retningslinjer). For tekniske hjelpemiddel der behovet er varig (over 2 år), blir desse dekka av folketrygda. Kommunen dekker utlån ved kortare behov.
Kontakt: Ein treng ikkje tilvising frå fastlege men kan sende inn førespurnad på skjema som ligg på nettsida. Ved spørsmål kan ein ta kontakt med fysioterapeut Irene Høyvik Jørgensen telefon på 901 13 267 eller epost irejor@bokn.kommune.no. Helsesjukepleiar, barnehage, skule og andre kan og ta kontakt med fysioterapeut etter samtykke frå foreldra.
Førespurnaden kan sendast til:
Bokn kommune
v/fysioterapitjenesten
Boknatunvegen 37
5561 Bokn
Meir informasjon i desse dokumenta
Fysio/ergo