Balansegruppe

Kommunal fysioterapeut i Bokn kommune tilbyr gruppetrening for eldre som bur heime og som ønskjer å få betre balanse og styrke i beina.

Målgruppa her er eldre som er ferdige med kvardagsrehabilitering eller eit individuelt rehabiliteringsforløp, og eldre som bur heime og merkar at balanse og styrke ikkje lenger er det det ein gong var. Målsetjinga med gruppa er å betre balanse for å forhindre fall og fortsette å vere sjølvstendige heime. Treninga skjer i ei gruppe med begrensa antal og foregår ein gong i veka I 10 veker.

For påmelding eller informasjon: kontakt kommunal fysioterapeut Irene Høyvik Jørgensen på telefon 901 13 267 eller irejor@bokn.kommune.no Er gruppa full nå kan du stå på liste til neste gruppe startar. Det blir fleire grupper per halvår. Pris er 300 kr.

Etter treninga ønskjer me å åpne allrommet for kaffi og drøs og gjerne nokre nysteikte vaflar. Både til dei som har trent, dei som gjerne køyrer dei, men det er også opent for alle andre. Men til dette treng me frivillige til å koke kaffi og lage vaffelrøre. Er dette deg, eller kjenner du nokon som kunne likt å vere med på å skape ein god møteplass? Ta kontat med Irene H. Jørgensen på 901 13 267.