Dersom du treng snarleg legehjelp ringer du
Bokn legekontor (52 75 25 40) i opningstida vår og
Bokn legevakt (116 117) på alle andre tidspunkt.
Så lenge det er lege på Bokn vil det etter behov bli ordna time på kontoret eller heimebesøk.
Ved planlagt stenging av Bokn legekontor - feriar eller kurs:
Det blir opplyst etter kvart kven som er vår vikarlege, eller om du må kontakta Bokn legevakt. Dette vil då telefonsvarar og oppslag informera om.
Me freistar å annonsera stenging av legekontoret i god tid slik at du som treng å ordna reseptar, sjukemelding, attestar m.m kan få gjort det her på Bokn. Me ber alle om å bruka vikarordninga berre for det som ikkje kan venta til Bokn legekontor er opent igjen.