Me kan tilby

Det overordna målet med handlingsplan mot vald i nære relasjonar er at alle som lever med vald skal sikrast naudsynt hjelp og trygging gjennom tiltak som kompetanseheving, samhandling, haldningsskapande arbeid, bevisstgjering og førebyggjande arbeid i kommunen.

Handlingsplan Vald i nære relasjonar (PDF, 623 kB)

Psykisk helse- og rustenesta 

Psykisk helse- og rustenesta gir terapi, støtte til meistring, råd og rettleiing til vaksne med psykisk liding/plager, menneske i vanskelege livssituasjonar og valdsutsette. Tenesta bistår med å trekkje inn andre hjelpeinstansar når det er trong for det. Tenesta er gratis og du treng inga tilvising.

Kontakt psykisk helse- og rustenesta v/Miriam Berland, telefon: 404 10 570
E-post: miriam.berland@bokn.kommune.no

Bokn helsestasjon

Er du utsett for vald eller overgrep heime?  Helsestasjons- og skulehelsetenesta er eit frivillig og gratis tilbod for barn og unge frå 0-20 år, til foreldre eller blivande foreldre og kan vere ein stad å ta opp problema.

Ein viktig del av arbeidet ved helsestasjonen er førebygging av vald og seksuelle overgrep, inkludert kjønnslemlesting og æresrelatert vald.

Helsestasjonen og skulehelsetenesta har tilbod både til enkeltpersonar, familiar og grupper.

Kontakt Bokn helsestasjon v/Henriette Lindanger, telefon: 52 75 25 43/938 51 409
E-post: henriette.lindanger@bokn.kommune.no

Krisesenter Vest

Opplever du ubehagelege og krenkande situasjonar av nokon som står deg nær? Er du utsett for vald og treng nokon å snakke med? Krisesenteret har døgnope og du treng inga henvisning eller timeavtale.

Krisesenter Vest har over 30 år med erfaring i å ta vare på personar som er utsett for vald eller truslar om vald i nære relasjonar. Me veit at alle har sine individuelle behov i ein slik situasjon. Krisesentertilbodet er like aktuelt uansett kva situasjon du er i.
Du kan ta direkte kontakt med oss på telefon 52 72 98 84

Krisesenter Vest

NOK Sør-Vest

Dette er eit lågterskel hjelpetilbod til utsette for seksuelle overgrep og deira pårørande.

Senteret tilbyr hjelp til sjølvhjelp. Me har tilbod til kvinner og menn frå 16 år.

Senteret har tilbod om: individuelle samtalar, samtale på telefon eller e-post, samtalegrupper, hobbykveldar, temakveldar, kurs, følge til offentlege kontor osv.

NOK Sør-Vest

Dinutvei.no

Dinutvei.no gir oversikt over ulike hjelpetilbod, der du er eller over heile landet. På dinutvei.no finn du informasjon og fagstoff. Det er også ei spørsmål/svar-teneste der du kan stille spørsmål og få svar anonymt.

Veivisaren gir oversikt og informasjon til utsette for vald, overgrep og valdtekt, til pårørende og bekymra, til den som utøver vald og til fagpersonar.