Pakkeforløp heim inneber tre frivillige samtalar for å kartleggja behova dine. Den første samtalen blir gjort med spesialisthelsetenesta. Den andre og tredje samtalen blir utført i kommunen (enten ved kreftkoordinator, fastlege eller ressurssjukepleiarar) 3-4 månader, og 12-18 månader etter at du fekk diagnosen.
Om pakkeforløpet i Bokn kommune
Pakkeforløpet gjeld alle pasientar som reiser heim frå sjukehuset med ein kreftdiagnose. Nokre pasientar har i dag dialog med kreftkoordinator og/eller andre kommunale tenester. Dette pakkeforløpet gjeld alle pasientar uavhengig av alvorsgrad og funksjonsnivå.
Sjukehuset sender melding til kommunen ved koordinerande eining for å informera om pakkeforløpet.
- Kreftkoordinator tek kontakt med pasienten og avtaler vidare oppfølging.
- Dersom pasienten allereie får heimetenester er det anten kreftkoordinator eller ressurssjukepleiar som gjennomfører kartlegginga.
- Er pasienten på eit sjukeheimsopphald har kreftkoordinator eller ressurssjukepleiar ansvar for oppfølginga.
- Dersom pasienten ønskjer at fastlegen skal ta oppfølginga, bestiller pasienten time hos fastlegen sjølv.
Sjå brosjyre frå Helsedirektoratet om pakkeforløpet (PDF, 984 kB)
Kva kan kreftkoordinator/ressurssjukepleiar bidra med?
Kreftkoordinator/ressurssjukepleiar er eit lågterskeltilbod i kommunen for kreftpasientar og pårørande. Du kan ta direkte kontakt utan tilvising eller søknad.
Målsetjinga er at den enkelte meistrar utfordringane i kvardagen i størst mogleg grad, og varetek kontroll og ansvar i eige liv.
Kreftkoordinator/Ressurssjukepleiar kan bidra med:
- Vera ein samtalepartnar som kan hjelpa deg å sortera tankar i ein utfordrande kvardag.
- Vera ein ressursperson for deg og dine pårørande.
- Ha oversikt over tilbod og tenester som kan vera nyttige for deg.
- Gi råd om lindring av plagsame symptom.
- Gi råd og rettleiing om kost og ernæring.
- Gi råd og rettleiing rundt diagnose, behandling, rehabilitering og omsorg ved slutten av livet.
Kontaktinformasjon
Kreftkoordinator og ressurssjukepleiar Maria Hauen Våga
Tlf: 47 65 12 65
E-post: maria.hauen@bokn.kommune.no