Avlasting

Avlasting er ei teneste til deg som er forelder eller pårørande med eitt særleg belastande omsorgsarbeid. Formålet med avlastingstenester er å hindre at du vert overbelasta, og gjere det mogleg for deg å få nødvendig og regelmessig fritid og ferie, og til å delta i vanlege aktivitetar. 

1. Kva tilbyr me?
Kommunen har to ulike tilbod: avlasting for born og unge, og avlasting for vaksne og eldre. 
Avlastingstiltak kan bli gitt i form av tenester til omsorgsmottakar:
-    Praktisk bistand
-    Heimeteneste
-    Aktivitet/dagtilbod
-    Støttekontakt / fritidskontakt
-    Korttidsopphald på Sjukestova
-    Anna individuelt tilpassa tilbod på dag/kveld

Kommunen gir tilbod om avlastingsopphald i institusjon eller som privat avlasting. Omfanget kan variere frå nokre timar, til døgn og heile helger pr månad. Dette vert vurdert ut frå individuelle behov. Kommunen ynskjer primært at born og unge får tilbod i private heimar der ein vaksen er tilsett som avlastar. Dette inneber at ein privatperson vert engasjert som oppdragsgivar eller vert tilsett av kommunen som avlastar og tar over omsorga i periodar. Ved tungtvegande orsakar vil kommunen legge til rette for at avlasting for barn og unge vil skje i bustad med heildøgns bemanning. 
Kommunen vurderer om avlasting er det beste alternativet, eventuelt i lag med andre tiltak
Kommunen kan vurdere at andre tiltak eller tenester skal vere utprøvd og evaluert før eventuell avlasting vert innvilga.

2. Kven kan få tilbodet?
Den som utfører omsorgsoppgåver, kan krevje at kommunen set i gong tiltak for å lette omsorgsbyrden. Tenesta skal hindre utmatting hos omsorgsgivar og bidra til at denne får nødvendig fritid. Tenesta vert vurdert i samanheng med det totale tilbodet til omsorgsmottakar. Dersom omsorgsgivar/-mottakar avslår andre avlastingstiltak eller ikkje nyttiggjer seg av andre ordinære tenestetilbod kan søknad om avlasting verte avslått.

Det er mange som gir omsorg til sine næraste utan at dette vert definert som særleg tyngande omsorgsarbeid. Når kommunen skal vurdere om omsorgsarbeidet er særleg belastande vert det lagt vekt på følgjande:
•    Om den som treng pleie bur heime (gjeld både barn og vaksne)
•    Om du har omsorgsplikt, og om omsorgsoppgåvene går utover det som kan forventast.
Når det gjeld barn skal omsorgsarbeidet gå utover det som kan forventast i forhold til barnet sin alder og funksjonsnivå
•    Om arbeidet er vurdert som nødvendige helse- og omsorgstenester, og difor er tenester som kommunen ville ha plikt til å utføre
•    Om omsorgsarbeidet er meir fysisk eller psykisk belastande enn vanleg
•    Om omsorgsarbeidet fører til mykje nattarbeid eller avbroten nattesøvn
•    Om omsorgsarbeidet fører til sosial isolasjon og mangel på ferie og fritid
•    Om omsorgsarbeidet har vart over tid, om ein ventar at det vil vare over lang tid, om det skjer i periodar eller kontinuerleg
•    Om du arbeider mange timar pr månad
•    Om du har omsorg for meir enn ein person
•    Om du har redusert kapasitet og omsorgsevne grunna eigen helsetilstand eller sjukdomstilfelle 
•    Om både du og den som har eit hjelpebehov ynskjer at omsorgsarbeidet skal fortsette
Behovet for avlasting vurderast med utgangspunkt i kartlegging av funksjonsnivå (IPLOS).

3. Korleis få tilbodet?
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om avlasting. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha ei skriftleg forklaring på kva som er årsaka. I same brev skal du få informasjon om når du rekne med å få eit svar. Kommunen vil innhente dei opplysningar som er nødvendig for å avgjere saka, og kan i samanheng med dette be om eit kartleggingsbesøk for å få eit heilskapleg inntrykk av behov for tenesta.

Kontaktinformasjon:

Einingsleiar pleie og omsorg     May Lisbeth B. Fiskaaen    
                                                   Telefon: 905 17 196
                                                   E-post: may.lisbeth.bosvik.fiskaaen@bokn.kommune.no 
                                                   Besøksadresse:    Boknatunvegen 37, 5561 Bokn  
                                                   Kontortid: måndag-fredag kl. 08.00-15.30

4. Slik søkjer du
Søk om avlasting
Koordinerande eining ber om at skjema for eigenregistrering av bistandsbehov vert fylt ut og lagt ved søknadsskjemaet.

5. Kva kostar det?
Avlasting er gratis.

6. Klage 
Klagefrist er 4 veker frå du tek imot vedtaksbrevet. Du kan klage dersom du meiner du ikkje har fått den tenesta du ønskjer, eller det er forhold ved tenesta du ikkje er nøgd med. Klage skal vere skriftleg og sendast til Bokn kommune ved kontaktperson/sakshandsamar.  Skriv kva som er problemet, og eventuelle ønskjer for løysing. 
Kontaktperson/sakshandsamar i kommunen har rettleiingsplikt dersom du ønskjer å klage. 
Hvordan klage på helse- og omsorgstjenester | Statsforvalteren.no
Pasient- og brukerombudet

7. Lover og reglar 
•    Pasient- og brukarrettighetslova kapittel 2, §§ 2-1a, 2-8 og 3-1 andre ledd
•    Helse- og omsorgstenestelova kapittel 3, § 3-6 første ledd, nr. 2 
•    Helse- og omsorgstenestelova §§ 4-1 og 7-2 
 

Denne sida nyttar informasjonskapslar Trykk her for detaljert informasjon. (Skjul denne meldinga)