1. Kva tilbyr me?
Barnekoordinator sine oppgåver er blant anna å sørgje for:
• Koordinering av tenestene til familien og barnet.
• Å ha oversikt over og bidra til å ivareta kommunens ansvar for oppfølging og tilrettelegging for familien og barnet i form av helse- og omsorgstenester og andre velferdstenester. Det betyr blant anna å arbeide aktivt for at familien og barnet får nødvendig oppfølging frå velferdstenestene.
• Rettleie familien og barnet i kontakten med ulike delar av hjelpeapparatet.
• At familien og barnet får informasjon og rettleiing om helse- og omsorgstenestetilbodet, andre velferdstenester og pasient- og brukarorganisasjonar.
• Framdrift i arbeidet med individuell plan.
Det er frivillig å ta i mot barnekoordinator. Barnekoordinatoren har teieplikt og vil innhente samtykke til å kunne samarbeide med andre instansar rundt barnet.
Barnekoordinator er tilgjengeleg på telefon, samtalar på kontor (etter avtale) eller kjem på heimebesøk.
Information in English
2. Kven kan få tilbodet?
Familien har rett til barnekoordinator når alle desse vilkåra er oppfylte:
• Familien ventar barn eller har barn under 18 år.
• Barnet har alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne.
• Barnet vil ha behov for langvarige og samansette eller koordinerte helse- og omsorgstenester og andre velferdstenester.
3. Korleis få tilbodet?
Kontaktinformasjon:
Barnekoordinator Irene Høyvik Jørgensen
Telefon: 901 13 267
E-post: irene.hoivik.jorgensen@bokn.kommune.no
Besøksadresse: Boknatunvegen 39, 5561 Bokn
Opningstider: måndag - fredag kl. 08.00 - 15.30
4. Slik søkjer du
Søk om barnekoordinator
Kontaktinformasjon:
Koordinerande eining Anne Grethe Amdal Osvåg
Telefon: 468 61 866
E-post: annosv@bokn.kommune.no
Besøksadresse: Boknatunvegen 39, 5561 Bokn
Kontortid: måndag - fredag kl. 08.00 – 15.30
5. Kva kostar det?
Tenesta er gratis.
6. Klage
Klagefrist er 4 veker frå du tek imot vedtaksbrevet. Du kan klage dersom du meiner du ikkje har fått den tenesta du ønskjer, eller det er forhold ved tenesta du ikkje er nøgd med. Klage skal vere skriftleg og sendast til Bokn kommune ved kontaktperson/sakshandsamar. Skriv kva som er problemet, og eventuelle ønskjer for løysing.
Kontaktperson/sakshandsamar i kommunen har rettleiingsplikt dersom du ønskjer å klage.
Hvordan klage på helse- og omsorgstjenester | Statsforvalteren.no
Pasient- og brukerombudet
7. Lover og reglar
Barnekoordinator - Helsedirektoratet
Barnekoordinator - Helsenorge