Bu- og aktivitet

1. Kva tilbyr me?
I Bu og aktivitet gir kommunen tenester til personar som har rett til individuelle tenester i samsvar med krav og føringar i Helse- og omsorgstenestelova, Pasient- og brukarrettighetslova og Helsepersonellova.
Tilbodet omfattar buoppfølging og/eller dagaktivitet. Tenestene skal samsvare med brukaren sine individuelle behov, ressursar og målsettingar.

2. Kven kan få tilbodet?
Dette tilbodet er for born og vaksne under 67 år som har ein funksjonshemming og brukargruppa er i hovudsak personar med utviklingshemming eller fysiske funksjonsnedsettingar.

3. Korleis få tilbodet?
Kontaktinformasjon:

Einingsleiar pleie og omsorg     May Lisbeth B. Fiskaaen    
                                                       Telefon: 905 17 196
                                                       E-post: may.lisbeth.bosvik.fiskaaen@bokn.kommune.no

Leiar av Bu- og aktivitet              Sonja Mikkelsen    
                                                       Telefon: 906 76 157
                                                       E-post: sonja.mikkelsen@bokn.kommune.no

                                                       Besøksadresse: Boknatunvegen 37, 5561 Bokn 
                                                       Kontortid: måndag – fredag kl. 08.00 – 15.30 

4. Slik søkjer du
Søk om bu- og aktivitet

5. Kva kostar det?
Helsetenester er gratis. 
For deg som har kommunal bustad, vert eigenbetaling regulert av husleigekontrakt i høve til takstheftet som årleg vert regulert av kommunestyret.

6. Klage 
Klagefrist er 4 veker frå du tek imot vedtaksbrevet. Du kan klage dersom du meiner du ikkje har fått den tenesta du ønskjer, eller det er forhold ved tenesta du ikkje er nøgd med. Klage skal vere skriftleg og sendast til Bokn kommune ved kontaktperson/sakshandsamar. Skriv kva som er problemet, og eventuelle ønskjer for løysing. 
Kontaktperson/sakshandsamar i kommunen har rettleiingsplikt dersom du ønskjer å klage. 
Hvordan klage på helse- og omsorgstjenester | Statsforvalteren.no
Pasient- og brukerombudet

7. Lover og reglar 
Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven) - Lovdata
Lov om pasient- og brukerrettigheter (pasient- og brukerrettighetsloven) - Lovdata
 

Denne sida nyttar informasjonskapslar Trykk her for detaljert informasjon. (Skjul denne meldinga)