Aktive Haugalandet

Kommunane og frivillige organisasjonar på Haugalandet samarbeider med Rogaland fylkeskommune om ei felles satsing på fysisk aktivitet. Ved å løfta fram gode aktivitetar og tilbod som finst, er håpet av endå fleire skal komma i gong. All aktivitet har ein helseeffekt!

Du treng ikkje legga lista høgt, det er ikkje berre hard trening som fungerer. Litt meir aktivitet i kvardagen held. Gå turar, ta trappene, dans i stova, gå til butikken…

Derfor prøver kommunane, saman med frivillige organisasjonar og fylkeskommunen å oppmuntra til litt meir aktivitet. På Haugalandet er det fantastiske høve til å vera i aktivitet, heile året.

Mange moglegheiter

Har du lyst til å aktivisera deg litt meir, er moglegheitene mange. Her er eit utval av tilbod i Bokn og området rundt:

Attraksjonar

Dagsturhytta Kongsbu

Telltur

Bokn bibliotek

Frilager Haugalandet

Friluftsrådet VEST

Haugesund Turistforening

Blikshavn leirplass
 

Kvifor aktiv?

Alle menneske har behov for å vera i aktivitet. Regelmessig fysisk aktivitet gir overskot i kvardagen og har mange positive effektar på både fysisk og psykisk helse.

Det er ikkje nødvendig å trena hardt på å få betre helse. Små grep i kvardagen kan ha mykje å seia. Forsking viser at sjølv lett aktivitet gir helsegevinst. For mange vil det vera  viktigare å vera litt aktiv oftare enn å gjera ei hard treningsøkt ein gong i blant. Viss ein er lite aktiv frå før, vil kvardagsaktiviteten vera viktig. Sjølv ein dagleg gåtur på nokre minutt kan verka.

Når du kjem i gong, kan du gjerne auka gradvis. Litt er bra, meir er betre. Du kan auka både aktivitetsnivået og intensiteten. Det viktigaste er at du finn noko du greier og som du trivest med.

helsenorge.no kan du finna god tips og råd.